Godt nytt år!

Sigurd Vikøren

Velkomen til 2022, eit årstal heilt utan oddetal. Eg vart beint fram klarsynt på dette då eg til frukost på fyrste dagen i det nye året såg ein eplejus-kartong, truleg påstempla siste bruksdato: 02022022, då var standaren sett.

Godt Nytt år!
Godt Nytt år!

Velkomen til året der eg vonar vi slepp alt maset om nedrykk. Dette er faktisk året då Brann kan rykkja opp til eliteserien! Du og du. I året 2022 er det 1150 år sidan Harald Hårfagre sigra over sine motstandarar i Hafrsfjord og vart Noreg sin fyrste konge, det må vi sjølvsagt feira.

I desse tidlege dagane i januar kan eg sjølv skryta på meg at eg er nærare 100 år, enn 50. Kjennest motiverande å vera i fri flyt mot eit framtidig høgt mål. Det er eksklusive greier og må sjølvsagt feirast. Elles trur eg det blir mykje vi kan feira i 2022. Straumprisane kjem til å gå ned, korona-pandemien kjem under kontroll. Lagopus lagopus blir fjerna frå raudlista. Det siste truleg av den enkle grunn at eg ikkje har vore på rypejakt dei to siste åra.

No i fyrste veka av januar gjeld framleis nyårsløfta. Det går enno 14 dagar før dei begynner å falma og vi av ulike gode grunnar ikkje ser noko vits i å fortsetja med slike luftige løfter, som truleg var avlagt i eit oppstemt sinnelag. Nokon er litt meir standhaftige og held det gåande til langt ut i februar. Men etter at fastetida trer i kraft på oskeonsdagen, 2. mars, då er det nok berre dei aller mest fokuserte som enno er i sving.

Når vi kjem til påske er fasta slutt. I år er påske så seint at vi ikkje kan feita oss veldig opp utan å tenkja på bikinisesongen som då er lika om hydna. 

Påske kjem rekande både seint og tidleg, i hytt og vær. Utan rettesnor veit du aldri kva tid det er påske. «Korleis va da no detta va?» 1. påskedag er fyrste sundag, etter fyrste fullmåne, etter vårjamndøgn. Vårjamndøgn er 20. mars, fyrste fullmåne etterpå er 16. april kl. 20.55. Rett etter kjem sundag 17. april som då må vera 1. påskedag i 2022. 

Ja, då må vi nok tenkja litt på bikini-sesongen, eller er det kanskje allereie for seint? Kanskje vi heller skal prøva til neste år?

Bikinisesongen er no forresten i ferd med å bli kraftig utvatna, då fleire og fleire driv med å bada i sjø, året rundt. Kanskje sjø-baderane blir dei nyrike i våre dagar med den straumprisen vi no har. Gløym aksjemarknaden, bli is-badar!

I mai er det altfor mange raude dagar til å tenkja på nyårsforsett. Ikkje minst langhelga med Kristi himmelfarts torsdag 13. mai og 17. mai på måndagen. Sjølvsagt ingen som vil arbeida på eller i mellom dei dagane, hallo! Skulle det bli heilt krise, så får vi ta heima-kontor. Helga etterpå er det pinsti, også då med fri på måndagen, 24. mai. Då gjeld same leksa, heima-kontor kan no òg absolutt vera fine greier, dersom du absolutt må imponera nokon med at du var eller er på jobb?

Når vi kjem i juni blir stoda krevjande, men skulle du framleis vera mellom dei få prosent som har gjort nyårsløftet om til ny livsstil, så har du grunn til å no stoppa opp litt og gi deg sjølv ei positiv attendemelding. Ikkje vent på at andre skal melde noko positivt, det sit ofte langt inne.

No er du i litt betre form enn før, same kva nivå du opererer på. Nyårsløftet er ein konkurranse med deg sjølv. Dette å kjenna på velværet som ligg i å klara litt meir enn før, det er den beste premien du kan få. Erfaringa rundt dette aukar til fleire nyttår du har feira.

Bonusen din er at hausten er mykje enklare å administrera i høve til å ta omsyn til raude dagar og langhelg og allslags. Einaste utfordringa på hausten er Mikkjels-messe, og den er ikkje ekstra raud dag ein gong. Ynskjer deg eit strålande 2022!

Januar 2022. 

Godt Nytt år!

Godt nytt år!

Velkomen til 2022, eit årstal heilt utan oddetal. Eg vart beint fram klarsynt på dette då eg til frukost på fyrste dagen i det nye året såg ein eplejus-kartong, truleg påstempla siste bruksdato: 02022022, då var standaren sett.

Val 2021 – Brølet

Noreg er eit demokrati, vi har val, du har røysterett. Du har ikkje røysteplikt, men bør du uansett nytta deg av retten din og gi ei røyst? Valforskar, salige Frank Aarebrot, sa at ei blank røyst er ei halv røyst til dei du likar minst.