Nye kraftlinjer er miljøkriminalitet!

Sigurd Vikøren

Alle som har eit liv på utsida av Statnett si boble forstår at den nye 420 kV linja ikkje kan gå langs nokon av dei framlagde traseane.

Med episenter i Rosendal har vi vassdragsvern, landskapsvern, nasjonalpark og KULA-status. På toppen av alt tronar Baroniet Rosendal. Vi er i sentrum av det mest og best verna området i heile Noreg. Her finn du kvalitetar som har store nasjonale verdiar, der sikt-linjer er ein integrert del. Einar Steensnæs, tidlegare statsråd i OED skreiv då han avviste utviding av kraftverket i Hattebergdalen. «Det er viktig at turgåarar og andre brukarar av området får oppleva ei kjensle av at det ikkje vert gjort nye inngrep». Dette gjeld i høgste grad også nye kraftlinjer.

Alle Statnett sine framlagde alternativ er inngrep som er i konflikt med nasjonale vern. Det er eit stort samfunnsansvar kvinnheringane har gjennom å ta vare på nasjonale verdiar som betyr svært mykje både for folk og land.

Å gjera inngrep som rører ved nasjonalskattane er ingenting anna enn miljøkriminalitet.

Dersom Statnett treng ei ny 420 kV linje, så finnest det alternativ som både kvinnheringar, verneobjekta og Statnett kan leva med. Kabel i fjord frå Husnes eller Omvikdalen til Årsnes eller lenger inn, må sjølvsagt utgreiast.

Alternativet er kabel i tunell frå Omvikdalen til Årsnes.

Når kabel er utgreid og blir eit føretrekt alternativ, så er tida inne for å ta kampen om kvar resten av traseen skal gå, for dette er ei viktig sak for heile kommunen.

Statnett vil ha oss til å tru at kabel, som kvinnheringane ynskjer, er altfor vanskeleg og altfor dyrt. Det er ein påstand framsett heilt utan dokumentasjon, og har ikkje noko truverd på utsida av Statnett si boble.
 
Sigurd Vikøren

Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling

Er bonden din ven?

Kvifor er maten ekstremt dyr, samstundes som bonden ikkje kan leva av å produsera mat?