I magasinet var det 13 sommarfuglar gøymt. På side 30 var det plutselig 2 sommarfuglar på ei annonse av ein litt annan type. Alle fekk rett om dei hadde 13 eller 15 sommarfuglar.
Den heldige som får seg ei koseleg oppleving i Bergen saman med den ho vil ha med seg vart Simone. Ho kan gleda seg til overnatting i suite på eit av hotella til Scandic i Bergen og billettar til show!
Til alle dei andre som var med i konkurransen, tusen takk for deltaking og hyggelege
attendemeldingar om Hardangerfjordmagasinet.
Då får vi berre venta å sjå, kanskje blir det julemagasin, kven veit?
Ha ein fin haust og sving gjerne innom på sida her, så vil du finna litt å kosa seg med.
Sigurd