Val 2021 – Brølet

Sigurd Vikøren

Noreg er eit demokrati, vi har val, du har røysterett. Du har ikkje røysteplikt, men bør du uansett nytta deg av retten din og gi ei røyst? Valforskar, salige Frank Aarebrot, sa at ei blank røyst er ei halv røyst til dei du likar minst.

Kva blir då ei heil røyst til nokon av dei andre? Du kan berre gløyma å finna eit parti som du er samd med alt i, påstår dei fleste. Ja, då lyt du røyste på nokon du er usamd med, i litt eller mykje.

-Røystar du på oss, så går det deg vel. Røystar du på dei andre så går det til helvete. Nokon brukar kanskje litt finare ord, men meiner dei det dei seier? Dei veit i alle høve at slik er det ikkje. Høyrer du ikkje klimabrølet så er du ein gamal forkvakla idiot. Forstår du ikkje oljebrølet så går velferdsstaten rett i dass for full musikk.

Kakling og skriking og generelt slett framferd i debattar er ikkje veleigna til å avklara viktige spørsmål. Hadde vi oppført oss slik i fyrste klassen på skulen så hadde lærarinna hevda at vi ikkje hadde folkeskikk, resultatet av slik framferd var fysisk straff. Vi hadde ikkje mykje val.

Val(g)omatar og liknande hjelpemiddel for å finna ut kven du skal røysta på er i beste fall rare greier. Spørsmåla er gjennomgåande håplause, og eg finn sjeldan relevante spørsmål om saker eg er opptatt av. No er det kome ein variant der du kan svara på fleire spørsmål i einskilde sektorar du er oppteken av, utan at det endrar biletet mykje.

Det partiet eg var minst samd med i fylgje valgomaten var eg 41 % samd med. Dei eg var mest samd med 67 %. Problemet var at dei på 67 % kunne eg ikkje røysta på, for dei «var heilt på tryne» i eit saksområde som er viktig for meg. Det vart til at eg «måtte» røysta på dei på 41 %, fordi dei hadde den klart beste politikken på dei viktigaste sakene for meg.

Så kom Oslo-brølet som erklærte at dette var eit klimaval. Dei brøla så vatnet i Spikersuppa fekk skummande bølger. Alle dei viktige sakene som folk rundt i heile landet var oppteken av feia NRK og avis-mafian under teppet. Betraktningar frå den urbane andedammen i Oslo har eit anna perspektiv på klimatiltak enn slik dei ser ut i Distrikts-Noreg. Du kunne mest få lyst til å brøle!

Dei elektriske synspunkta som Lan og Une brukte i sine domedagsprofetiar fall på steingrunn og vart møtt med eit olje-brøl frå heile landet. No har dei fleste brølt frå seg, så får vi sjå om Slagsmål Vedum får gjennomslag for Bygda-brølet, i områda rundt Løvebakken. 

Audun seier at skal det bli slutt på «forskjells» Noreg og om vi skal ta klima på alvor, då må SV med. Men skal SV med, då må Ola BM bli heime og bera staur i berre underbuksa. Då kjem oljealderen kanskje til å bli kortare og liste-Sylvi får ikkje sin favoritt i Olje- og Energidepartementet. 

Den som lever får sjå, spennande vert det.

Vi skulle kanskje tenkja gjennom korleis klima og miljø er i familie. Den lokale naturen må vi sjølve ta ansvar for lokalt og nasjonalt. Klimaet på jorda har vi alle felles. Kanskje burde vi samle alle krefter til innsats der innsatsen tener klimaet best?

Det er viktig å finna gode løysingar for framtida, dei finn du best om du tek deg tid til å tenkja gjennom ting, det er alltid lurt. 

Vi drit ikkje i eige reir, kvifor?

Vi vil heller aldri kunne redde jorda med å stilne brølet frå fossen!

September 2021

Godt Nytt år!

Godt nytt år!

Velkomen til 2022, eit årstal heilt utan oddetal. Eg vart beint fram klarsynt på dette då eg til frukost på fyrste dagen i det nye året såg ein eplejus-kartong, truleg påstempla siste bruksdato: 02022022, då var standaren sett.

Val 2021 – Brølet

Noreg er eit demokrati, vi har val, du har røysterett. Du har ikkje røysteplikt, men bør du uansett nytta deg av retten din og gi ei røyst? Valforskar, salige Frank Aarebrot, sa at ei blank røyst er ei halv røyst til dei du likar minst.