Effektkraftverket Mauranger 2 fekk eit samrøystes nei!

Sigurd Vikøren

Ikkje kvar dag kommunestyret i Kvinnherad gjer samrøystes vedtak i viktige saker. Men sist torsdag gjorde dei akkurat det, i saka om Mauranger 2. Til Statkraft sine planar for eit stort effektkraftverk, snudde heile kommunestyret tommelen ned.

Kanskje ikkje fordi dei står samla mot prosjektet, men fordi det kommunen får att, slik reglane er i dag, ikkje står i noko som helst slags forhold til naturen vi gjev frå oss.

Ordførar Vegard Bjørnevik fekk i oppdrag frå kommunestyret å gå i dialog med Statkraft for å finna ei løysing som sikrar kommunen varige inntekter som speglar dei naturverdiane vi gjev frå oss.

Statkraft meinar i utgangspunktet at det er sentrale politikarar sitt ansvar å endra regelverket, slik at vertskommunen får meir att for sine naturverdiar. Statkraft er og redd for å gjera særavtalar gjennom å kjøpa seg rett til utbygging.

Kommunen på si side ynskjer nok at også Statkraft skal vera ein betydeleg pådrivar mot staten og Stortinget for å få betre tilpassa regelverk kring eigedomsskatt og inntekter til kommunen.

I ei meiningsmåling som Hardangerfjordmagasinet tok opp, seier 93 % det same som kommunestyret seinare vedtok. Det betyr at innbyggjarane står godt samla bak kommunestyret. 


Her er vedtaket som Kvinnherad kommunestyre slutta seg samrøystes til:

Slik saka ligg føre, kan ikkje Kommunestyret sjå at det er proporsjonalitet mellom naturinngrepa, belastninga på lokalsamfunnet og den økonomiske verdiskapinga ved den planlagde utbygginga på den eine sida, og kompensasjonen til lokalsamfunnet og Kvinnherad kommune på den andre sida.

1.      Kommunestyret sender tillegg til høyringsuttale som vedlagt. 

2.      Kvinnherad kommune vil motsetje seg den omsøkte utbygginga, inntil det er oppnådd ein tilstrekkeleg balanse mellom belastning og kompensasjon for utbygginga. 

3.      Kommunestyret gjev Ordførar fullmakt til å gjennomføra forhandlingar om avtalevilkår med konsesjonssøkar. Ein evt. avtale skal godkjennast av Kommunestyret etter naudsynt offentleg prosess. 


Ordførar Vegard Bjørnevik seier at han sjølvsagt vil snakka med Statkraft slik kommunestyret har gitt han i oppdrag. Bjørnevik er også tydeleg på at slik den økonomiske kompensasjonen framstår i dag så vil ikkje Kvinnherad kommune godkjenna ny kraftutbygging i Mauranger.

Ordføraren seier at han ved fleire høve har vore tydeleg om dette. Seinast i ein paneldebatt han deltok i på Arendalsveka.

Hardangerfjordmagasinet ser med spenning fram mot kva forhandlingar vil føra til.

Vegard Bjørnevik
Ordfører i Kvinnherad

Først vil eg nytte anledninga til å rosa dei kommunale sakshandsamarane for eit veldig godt og gjennomarbeida tillegg til høyringsuttalen. Dei sett tydelege krav til utbygginga og trekk frem gode argument for kvifor det er viktig at kompensasjonen til lokalsamfunna og kommunen står i stil med storleiken på utbygginga.

Samstundes er det forskjell på kva ansvar vi tildeler administrasjonen vår, og kva ansvar vi som politikarar må ta på oss. I denne saka meiner eg administrasjonen vår har levert til terningkast 6 med tilleggsuttalen, og då er det svært viktig at vi som lokalpolitikarar tek ansvar og leverer på tilsvarande nivå på den politiske arenaen. For å gjere dette, må vi ta tydeleg standpunkt til utbygginga, noko vi gjer via pkt. 2 i vedtaket, og ikkje minst må vi sørga for at Ordføraren vår får armslag og alle naudsynte mandat til å gjennomføra inngåande forhandlingar med konsesjonssøkar dersom dette blir aktuelt(pkt. 3).

Eg er veldig nøgd med at eit einstemmig kommunestyre stilte seg bak forslaget og at dette vart vedteke. Samstundes er dette berre første steg i det politiske arbeidet. Samlege politiske lokallag i Kvinnherad, frå Raudt til Frp, må engasjera seg i saka inn mot regionale og nasjonale politiske organ. Storsamfunnet må forstå at dersom det skal kome på tale med storstilt nedbygging i ein kommunes natur, må dette kompenserast på ein måte som gjev vertskommunen ein rettvis og balansert del av verdiskapinga. Dagens kompensasjonsordningar er utdatert og ikkje tilpassa effektutbygging. Det er uakseptabelt at vi som vertskommune kan enda opp med å tape pengar på ei utbygging som Statkraft og storsamfunnet vil tena milliardar på.

Denne problemstillinga tok eg (nok ein gang) opp for Energiministaren vår, Terje Asland, for nokre veker sida. Då var eg krystallklar på at slik kompensasjonen er i dag i forhald til naturinngrepa, kom vi til å motsetje oss utbygginga i Kvinnherad. Eg meiner vedtaket vi gjorde i kommunestyret den 19/9 er eit veldig tydeleg signal på at vi meiner alvor og kan garantera at vi ikkje lar saka kvile før vi sikrar at Kvinnherad og lokalsamfunna våre kjem styrka ut!

Beste helsing
Per Harald H. Löfgren Johansen
Gruppeleiar Kvinnherad Arbeidarparti

Vidar Riber
Kraftverkssjef i kraftverksgruppe Hardanger.

Vår kommentar er kort:
– Statkraft tar vedtaket i kommunestyret til etterretning. Utover det har vi ikke flere kommentarer nå.

Knut Fjerdingstad
Presscontact, CCE Corporate Communication External

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling

Effektkraftverket Mauranger 2 fekk eit samrøystes nei!

Ikkje kvar dag kommunestyret i Kvinnherad gjer samrøystes vedtak i viktige saker. Men sist torsdag gjorde dei akkurat det, i saka om Mauranger 2. Til Statkraft sine planar for eit stort effektkraftverk, snudde heile kommunestyret tommelen ned.

Mauranger 2

Torsdag 19. sept. Skal kommunestyret i Kvinnherad ta stilling til Statkraft sin søknad om konsesjon for Mauranger 2.