OM HARDANGERFJORDMAGASINET – PRINFO MEDIA – BØKENE TIL SIGURD!
PRINFO MEDIA var utgjevar i mest 20 år av Hardangerfjordmagasinet på papir. Magasinet hadde eit opplag på 50.000 eks.
43.000 gjekk gratis til alle husstandar og bedrifter i 12 kommunar rundt Hardangerfjorden. Resten av opplaget vart lagt ut på stader der folk ferdast. I dag er magasinet å finna her med ei nettside.
PLASSA-PODDEN er nytt hovudtema. Ein podcast med både film, lyd og bilete. Vi tar opp tema som rører seg i lokalmiljøet. Vi presenterar stoffet på nynorsk og vår eigen dialekt. Hovudmålet med podcasten er at vi skal bli enno flinkare å framsnakka kvarandre.
I tillegg vil redaksjonen ta opp kontroversielle saker og ikkje vera redd for å hevda eigne meiningar.
Vi inviterar deg til å koma med innspel på saker og eller tema vi kan ta opp.
Besøk gjerne Bokbadet til Sigurd på facebook. Klikkar du deg inn under Grupper, kjem du i kontakt med miljøet rundt bøkene til Sigurd. Her kan du «bada» deg med kommentarar, terningkast og sjå kva andre meiner om det skrivne ord.
PS! Sigurd har den siste tida skrive jubileumsbok for Folgefonnanlegga som er 50 år i år. Eit stort bokverk på 350 sider frå dette heilt spesielle kraftanlegget, som sterkt har vore med å prega det Kvinnherad som vi kjenner i dag.
Kjekt om du blir med, og send gjerne ein e-post til sigurd@vikorenmedia.no
Prinfo Media
Sigurd Vikøren
Dagleg leiar – Typograf
Redaktør – Forfattar
982 98 301