Har elefanten i Hattebergdalen konsesjon?

Sigurd Vikøren

Kraftverket i Hattebergdalen blir drive med eit problematisk løyve, har eg skrive, fordi det er svært gode grunnar til å meine det.

At «frekkhetens nådegave» har spelt ei heilt sentral rolle i utviding av kraftstasjonen, blir veldig tydeleg når ein kikkar prosessen litt i korta.

Kvinnherad Energi AS styrer kraftproduksjonen i Hatteberg Kraftstasjon i henhold til konsesjon gitt av OED/ NVE, skriv dagleg leiar Øyvind Lernes, i ein kommentar.

Dersom Lernes har rett, at KE styrer kraftproduksjonen i Hattebergdalen etter konsesjon gitt av OED/ NVE, er situasjonen oppsiktsvekkjande, og eigentleg ikkje til å tru? 

I mars 2002 gjorde OED eit bindande vedtak, knytt til Forvaltingslova, om at utviding av kraftverket i Hattebergdalen er konsesjonspliktig. Seinare har Stortinget slutta seg til dette vedtaket. Samstundes, etter anke frå KE, har Stortinget avgjort at selskapet ikkje får slik konsesjon. NVE skriv at utviding som treng konsesjon blir avvist. 

Då er det på høg tid vi får ei god og sannferdig forklaring på korleis KE likevel har fått konsesjon til utviding av kraftverket, gitt av OED/ NVE? 

Kva er det eigentleg Stortinget har bestemt om kraftstasjonen i Hattebergdalen?

SITAT FRÅ STORTINGET:

Stortingsmelding nr. 23 (2002-2003) og Innstilling S. nr. 257 er utarbeidd som følgje av anke frå Kvinnherad Energi dagsett 6. august 2002 over tidlegare vedtak.

Komiteen viser til at dåverande olje- og energiminister Akselsen i brev dagsett 28. juni 2001 avslo Kvinnherad Energi sin søknad, presentert i fire punkt, om å rusta opp og utvida Muradalen kraftverk. Olje- og energiminister Steensnæs rår i Stortingsmelding nr. 23 (2002 – 2003) til at tidlegare avslag på søknaden om å rusta opp og byggja ut kraftverket vert oppretthalde. Olje- og energiminister Einar Steensnæs har vidare i brev dagsett 3. mars 2002 oppheva NVE sitt vedtak om at utviding av kraftverket i Muradalen ikkje var konsesjonspliktig.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er enige i dei vurderingane som to olje- og energiministrar har gjort, og avslaget på søknaden frå Kvinnherad Energi om utbygging av Muradalen kraftverk vert stadfesta. 

SITAT SLUTT.

Departementet (OED) og direktoratet (NVE) kan sjølvsagt ikkje overprøva Stortinget. Difor har heller ingen av dei heimel til å gje konsesjon til utviding av kraftverket i Hattebergdalen.

Då Stortinget sitt klare nei til utviding, vart forvalta i Hattebergdalen som eit ja, luktar det fusk og fanteri lang veg. Det er difor KE skuldar både deg og meg ei truverdig forklaring.

Sigurd Vikøren

Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling