Dei som ser på Plassapodden har høyrt ein av landets fremste professorar på lov og rett fortelja at rettstryggleiken vår no er trua, noko som er svært alvorleg. Når vi då i tillegg møter ein stortingsrepresentant som også er bekymra for samfunnskontrakten vår, bør vi kanskje stoppa opp litt og orientera oss, kva er det som skjer?
Vår samfunnskontrakt er den avtalen vi har med staten, der vi betaler skatt, og lever etter lovene som gjeld. I byte for dette skal staten gje oss nokre grunnleggjande tenester.
Dersom staten mislegheld sin del av kontrakten, slik at vi får tilstander som truar våre demokratiske rettar, så vil det svekka vår tillit til staten, til dei styrande.
Dette er alvorlege faresignal, på ein veg der endestasjonen heiter Anarki. Dagleg ser vi små og store hendingar frå samfunn som er komne langt på den vegen, dette er samfunn vi ikkje ynskjer å bli samanlikna med. Eit smart sjakktrekk er difor å korrigera kursen, sikra rammene for samfunnskontrakten, medan vi enno kan.
Bygging av 420 kV linjer er eit aktuelt fenomen som òg truar samfunnskontrakten vår. Sett litt på spissen, kan vi seie at bygginga er naudsynt for at nokon skal tena mest mogleg med pengar. Samstundes som vi i rakettfart gjev frå oss, eller vert fråtekne store områder med natur, utan at vi set att med meir enn knappar og glansbilete. Fellesverdiane våre forsvinn som dogg for sola, bit for bit, utan at fellesskapet evnar å kontrollera utviklinga. Samstundes går straumprisen til oss som vert fråtekne våre felles verdiar rett i taket. Nederlandsk børs og tyske treiderar er vinnarane. Bidreg med null til fellesskapet, tenar grovt, og let oss betala med vår natur.
Dette er ein farleg kurs!
Dersom samfunnskontrakten vår i sum ikkje lenger blir akseptert mellom folk, kan vi få store utfordringar. Kunstig intelligens gjer folk usikre på kva som er sanning, og sosiale flater flyte over av konspirasjonsteoriar. Difor er det grunn til å ropa eit kraftig varsko! Verdens beste demokrati er bygd på tillit.
Sigurd Vikøren