I NOU om nasjonalparken vår, var namnet Folgefonna Vest. Det vesentlege og heilt grunnleggjande var den unike vassdragsnaturen på vestsida av Folgefonna. At vi fekk verna vassdraga mellom Folgefonnanlegget og Blåelva mot kraftutbygging var ein fantastisk vinn, vinn siger. Vassdragsvernet var heilt avgjerande for oppretting av Folgefonna nasjonalpark.
Det varige vernet mot kraftutbygging kom som eit resultat av steinhard og tøff jobbing over mange år, fyrst og fremst frå 1978 og fram til verneplan IV vart vedteken i 1991. Men i heile perioden fram mot opning av nasjonalparken i 2005, var det mange harde konfrontasjonar om det siste urørte naturområdet på vestsida av Folgefonna.
Hadde det ikkje vore for Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget, så hadde heile nasjonalparken forsvunne som dogg for sola, og enda sine dagar i det enorme sluket på SKL sine turbinar. Det som er blitt nasjonalpark hadde blitt sjåande ut som ein sveitserost med turr skorpe, der elvane rann i tunellar og fjellvatn var regulerte heilt opp til 100 meter. Store område som i dag er vakre turområde hadde vore utilgjengelege grunna ned-demming.
Prisen for å argumentera mot desse inngrepa på 70-80 talet, var å bli hetsa og ledd av i det offentlege rom. Motparten brukte hersketeknikkar og metodar som er totalt uakseptable i dag, og einskilde av oss vart ikkje akkurat framsnakka.
Vi vart fortalt at området var undersøkt og hadde ingen verneverdiar. Somme folk meinte at dette landskapet burde kraftutbyggjarane få hand om, då det berre var gråstein og pisserabbar.
Ei vurdering som står i grell kontrast til kva statsråden sa då han i lag med dronning Sonja opna nasjonalparken ein vakker maidag i Bondhusdalen. I sin opningstale sa statsråden at Folgefonna nasjonalpark er juvelen mellom norske nasjonalparkar!
I desse dagar er Folgefonna nasjonalpark 20 år. Gjennom gleda og audmjuk ettertanke, kjenner eg på ro i sjela og undrast over kva verdi denne oasen vil ha om 200 år?
Det kjennest godt og eg er evig takksam til alle som gjennom åra støtta oss på ulike måtar. Veldig glad for at vi bestemte oss for å ta jobben som Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget utførte. Det gav oss alle ein felles juvel, Folgefonna nasjonalpark!
Sigurd Vikøren