Ei oppleving for livet!

Sigurd Vikøren

Vi vil at dei som vinn konkurransen skal få ei minnerik oppleving. Når vinnarane kjem til Rosendal 
vil vi møta dei og invitera på ei lita vandring i Baroniet sin hage.

Vamp
Foto: Grethe Nygaard

Rosehagen er truleg på det aller vakraste på denne tida. Vakker for augo og ikkje minst eit velvære av duft frå alle dei gode angane. Kanskje blir det litt bobler i eit dertil eigna glas, på eit av hagen sine vakre utsiktspunkt. 

Før vi etablerer oss i Riddersalen for ei musikalsk høgtidsstund med magiske VAMP. Ein sjarmerande konsertsal, som har verdas beste lydanlegg.

Etter konserten vil vinnarane få høve til å møta nokre av guttaboys i VAMP.

Dette kjem til å bli bra, og vi ser med spenning fram til å møta dei heidige vinnarane.

Sport1 rosendal
Moster 1000 2024
Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.