NRK feira 17. mai i Rosendal i 1999

Sigurd Vikøren

Rosendal og Kvinnherad var mykje i nyheits-biletet på denne tida.
Kampen om Folgefonna nasjonalpark, verna vassdrag og Baroniet
var eit særs aktuelt tema.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mange meinte mykje og både høyrde, les og oppfatta stort sett det dei ville. Å leggja godviljen til var ikkje alltid det dominerande.

Formannen i 17.mai-komiteen stod sentralt i desse sakene som leiar av Informasjonsnemnda for
Hattebergvassdraget. Mange var redde han ville nytta talarstolen han plutseleg fekk, med millionar
av tilhøyrarar til å løfta fram sitt syn på sakene.

Mange gav formannen alvorlege førelesingar om at no måtte 17. mai feirast slik det alltid hadde
vore, og at ein absolutt ikkje måtte endra dagsorden. Baroniet var ikkje ein del av 17. mai til vanleg
og slik måtte det vera no og.

Samstundes hadde NRK klare krav om kva dei ville ha. Krav om kva som gav dei beste TV-bileta og
kva bodskap dei meinte ville ha appell og bidra til ei flott 17.mai-sending. Å presentera Rosendal utan
Baroniet var heilt utenkeleg.

Der stod då formannen i 17. mai komiteen som lokalt ikkje var spesielt kjent som fredsmeklar og
brubyggjar, heilt sentralt som meklar i ein situasjon med svert sterke meiningar. Vi måtte sjølvsagt
finna ei god løysing slik at dei fleste vart rimeleg nøgde. Dette var då sambygdingane mine, som eg
uansett er glad i, alle som ein.

Vi hadde tidlege møter med NRK og synfaring på ulike utsiktspunkt m.m. Vi lufta innspel som kom og
til slutt enda vi opp med eit produkt som 17. mai komiteen hausta fagnad for både frå NRK og dei
fleste lokale. Sjølv om nokon meinte vi ikkje burde drege eit stort flagg opp på Malmangernuten. Det
var då ingen tradisjon for det.

Hardangerfjordmagasinet tenkte det kunne vera kjekt å sjå attende på feiring av siste 17. mai på
1900-talet og sjå om folk vi kjenner har endra seg på 24 år!
Her er det berre å kosa seg. Peik med musepila nede på biletet, så kan du velja ut det du vil sjå. Du
må gjerne koma med kommentarar på facebook.

Kan sjå at fleire som ikkje lenger er med i vår tid er med på opptaka. Det bør du kanskje vera budd
på, men vi minnest dei med gleda og gler oss over kven dei var.

Klikk her for å se «17 mai i Rosendal 1999»

Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Moster 1000 2024
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.