Magiske VAMP!

Sigurd Vikøren

Knapt 300 personar hadde sjansen til å vera med oss på konsert med VAMP i Riddersalen.

Vamp
Foto: Grethe Nygaard

Alle kunne dessverre ikkje vinna, men ikkje fortvil vi kjem til å ha fleire spennande konkurransar.

Den heldige vinnaren er Sylvi Matre Seglem som har invitert med seg si gode venninne,
Marit Sjøvangen. Sylvi seier at dei gler seg mykje til det meste denne kvelden. Dei to er samde om 
at musikken til VAMP er veldig bra, og aller øvst på lista står «Ein liten fuggel»

Tusen takk for at du var med på konkurransen. Håpar du føl med på Hardangerfjordmagasinet på nett, 
så kjem det fleire konkurransar med spennande premiar.

Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Moster 1000 2024
Tysnes Sparebank
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.