Dei finaste jentene er alltid på andre sida av fjorden!

Sigurd Vikøren

Slik har gutar på begge sider av Hardangerfjorden tenkt så lenge det har budd folk langs fjorden.

Solnedgang i Hardanger
Strålande kveld ved Hardangerfjorden.

Kjærleik og lyst har kryssa fjorden på mange ulike vis i uminnelege tider. Fjorden har i periodar vore sett på som ferdsleåre, men har likevel stilt krav til farkost og været la alltid premissar for korleis og kva tid du kunne kryssa fjorden. I andre tidsepokar er fjorden sett meir på som ei stengsle.

Uansett har kjærleiken kryssa Hardangerfjorden i tusenvis av år, på ulike vis til alle årstider. Det har vore lengsel, dramatikk og tragediar, men ofte har folk langs fjorden likevel funne gode løysingar. Når lysta, trongen eller kjærleiken vert sterk nok, blir fjorden aldri noko meir enn ei utfordring.

Mange interessante hendingar har funne stad. Ein av dei fortel om tre brør som rodde over fjorden for å gå på dans. Då dansen var slutt ville to av dei ro heim, tredje mann vart att hos ei jente som ville han skulle bli. Slike netter på lånt tid vert sjølvsagt ofte alt for korte. Likevel, då det gjekk mot morgon og bygda var i ferd med å vakna til liv, tenkte guten at det nok var best han kom seg heim.

Spørsmålet var berre korleis? Løysinga vart å «låna» ein robåt som låg i fjæra. Problemet var at båteigaren observerte lånet. Han likte det ikkje noko særleg, så han lånte naboen sin båt og tok opp jakta. Det vart ei dramatisk kapproing over fjorden i grålysinga.

Dei foss-rodde slik at begge nok kjende blodsmaken i munnen. Angsten auka hos friaren då det viste seg at båteigaren var hakket raskare. Han kom stadig nærare og då friaren til slutt nådde fjæra på andre sida, brukte han sine siste krafter på ein 60 meter spurt opp skråninga frå fjæra. Hadde nokon teke tida ville det nok blitt registrert som «ny rekord.»

Båteigaren var så nær at friaren meinte han klødde han på ryggen. Truleg hadde båteigaren tankar om å gje klart uttrykk for at han ikkje tykte noko særleg om lånet. Friaren var heilt klart mest oppteken av å ikkje bli «teken,» slik at identiteten vart avslørt.

Friaren som lånte båten hadde kanskje tenkt at han ved høve skulle ro båten attende. No slapp han det då eigaren tok båten sin på slep og rodde heim. Friaren hadde nok eit lurt smil om munnen då ha kraup under dyna denne morgonen. Kva opplevingar har ikkje denne fjorden å by på, du og du.

Lukka er 37!

Dagen før 1. mai i det Herrens år 1984, var været like strålande som i år. I tillegg hadde nokon funne termostaten og skrudd fleire hakk opp. 30. april var dette året ein måndag. Vi var med andre ord godt inne i ei skikkeleg laaang helg. 

Denne måndags-kvelden var eg saman med to kameratar på båttur. Vi køyrde midt ut på fjorden og stoppa motoren. Her rek vi rundt, koste oss i sola og løyste verdsproblem. Opplevde verkeleg fjord og fjell på sitt aller vakraste, det blir ikkje mykje betre enn livet den dagen. Høge glas med bobler om bord, la ikkje akkurat noko dempar på opplevinga.

Då sola gjekk ned litt etter kl. 21 var det tid for besøk på fjordhotellet for middag og litt landliv. Med god mat, Sverre på plass i baren og bulgarsk danseband frå øvste hylle, låg alt til rette for ein strålande vår-kveld.

Denne våren var Sigurd 37 år, var vel ferdig med tidlegare forhold. Hadde eigentleg fått meir enn nok av kvinnfolk og såg fram til ungkarsliv i sølibat. Men heilt plutselig bare var ho der, mellom bobler i glaset og bulgarsk toppmusikk. I dag er det 37 år sidan, og vi har vore i lag heile tida sidan den magiske kvelden. Det vart ein relativt kort ungkarsperiode, og takk for det.


Utan Hardangerfjorden hadde eg kanskje vore ungkar enno? I mi verd kjennest det som Hardangerfjorden har gitt eit viktig bidrag til at mitt liv er blitt så bra som det er. 

No er vi klar, eg og ho som plutselig bare var der, for 37 nye år!

Ha fine maidagar – og ta gjerne ein tur over på andre sida av Hardangerfjorden.

Sigurd

Sport1 rosendal
Moster 1000 2024
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.