Dei vakre fjella!

Sigurd Vikøren

Du finn ei velsigna ro der oppe over tregrensa, ei ro som gjev fred i sjela. Likevel er fjellet fullt av liv,
der ulike dagar gjev vekslande opplevingar.

Svartavatnet
Hattebergvassdraget er ein juvel. Du ser Bjørndalstraversen oppe til venstre.

Ljos, mørke, varme, kulde, sol, regn, vind, gjev store
kontrastar, men alltid råma inn av ein eventyrleg natur!

Fjellet gjev deg mange lukter frå vegetasjon, stundom av knust stein, av sveitte, appelsin, og kaffi.
Lyden av vind og rennande vatn, lyden av natur. Rypesteggen sin fasinerande kommunikasjon, i
mange vakre variantar, eller ravnen sitt rop frå æva.

Fjellet si gåve til augo, til synet, er grenselaus. Fargane, endringane, årstider, blomar, vatn! Det
finnest ingen grenser for fjellet sine gåver til augo. Saman med opplevinga til dei andre sansane er
fjellet sitt bidrag til den gode kjensla heilt enorm, i alle høve for meg.

Arv og miljø er to grunnleggjande faktorar, for kven du er og kva du blir, både på godt og vondt. Eg
vaks opp i Rosendals-fjella og er merkt for livet av det.

Både arv og miljø var nok viktige bidrag til at eg alt frå fireårs-alderen og i aukande grad, brukte
mykje tid over tregrensa. Fann stor glede i slike turar og utvikla snart ein evig kjærleik til fjellet.

Store delar av desse fjella kjenner eg som mi eiga bukselomme; formasjonar, steinar, bekker, blomar,
utsiktspunkt. Kvar beste fiskeplassen er, kvar det ofte er ryper, kvar snøfonna ligg lenge. Veit om
snarvegar, eller kvar du lett går deg skårfast. Kjenner til stader med ekko, og bortgøymde myrer med
molter. Fjellet har mange løyndomar, som fjellet likevel delar med gode vener når dei kjem på vitjing.

I fjellet opplever eg fasinerande dømer på at når lysta til liv er stor nok, finn ein løysing på det meste,
også der ingen skulle tru at…. Ei fjellbjørk i kanten på eit vatn er trykt ned av snø og is, slik at ho ikkje
kan veksa i høgda, i staden veks ho utover i breidda. Bjørka er likevel frisk og oser av livskraft. Ein
rogn har funne livsgrunnlag i snaufjellet på 1180 meter, fleire hundre meter over tregrensa.
Imponerande vakker, står ho der, på ein liten lun plass langt inne i snaufjellet, med Folgefonna som
ein mektig nabo. Slike optimistar reknar eg som gode vener, og må alltid vitja dei når eg er i
nærleiken. Eit samvær på berre minuttar, gjev meg stor inspirasjon.

Eg kjenner meg absolutt heime i desse sjarmerande fjella. Har vore her i sydaust vind i alle varianter, i
torevêr og snøstorm. Når det er blikk stille, i strålande sol, og i regn og skodde. Lege på rygg i mørke
natta og kikka på stjernene og tenkt store tankar. Har vore iskald og våt, gått i shorts langt ut i
oktober, Vore på Graasåta (inn mot fonnakanten) den 5. november 1967, i t-skjorte!

Men det største av alt er elva og fossen. Sjølve livsnervene i det vakre fjellet. Kva var vi utan
rennande vatn?

Sigurd

Om du klatrar i stupbratte Ulvanåso, eller ruslar med barnevogn langs elva. Om du er på tur med
båten eller bilen så er turen alltid best med godt utstyr. Alt utstyr som trengs for ein vellukka tur, får
du på butikken som er ekspert på turutstyr.

Sport1 Rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank