På sin veg vil linja koma i sterk konflikt med alle dei nasjonale verneverdiane, ikkje minst rundt Baroniet Rosendal. Statnett har presentert og meldt til NVE alternativ som kvinnheringane ikkje vil ha. Det openbert beste alternativet med å leggja delar av linja i sjøkabel, ynskjer ikkje Statnett.
Det er no (før 16. januar) vi må seie frå til NVE, kva vi meinar. Direktoratet kan påleggja Statnett å utreda eit alternativ med fjord-kabel. Kampen for å ta vare på Kvinnherad sin natur og verdiar. Startar no. I Plassa-podden nr. 3 kan du høyra sentrale personar i Kvinnherad sine standpunkt og haldningar til kraftlinja.