Kvinnheringane har vore rause og delt av sine verdiar med fellesskapet og såleis brukt 90 prosent av vassdraga til kraftutbygging. Som takk for denne solidariteten ynskjer no fleire politiske parti å bryta kontrakten om vern, for å forsyna seg av dei siste elvane våre.
Tenk på samfunnskontrakten då Sør Norge Aluminium vart etablert på grunnlag av vasskrafta frå Folgefonnanlegga? Ein samfunnsnyttig symbiose som gjorde det mogleg for fransk kapital, sveitsisk know-how og norske ressursar å leggja grunnlaget for det Kvinnherad vi kjenner i dag.
Mobiliseringa for å byggja ut dei varig verna vassdraga til eit meiningslaust forbruk som ikkje gjev kvinnheringane noko som helst att, blir ei skandale-forvalting av fellesskapet sine naturressursar. Utbygginga vil heilt sikkert auka profitten til dei som skummar fløyten, medan rekninga som vanleg må betalast av deg og meg.
Dei verna vassdraga har vi i realiteten testamentert til våre barneborn og dei framtidige generasjonane. Når nokre politikarar no vil ta frå barneborna våre deira rettmessige og verdfulle arv, kjennest det skamfullt. Korleis i all verda kan desse politikarane tru at våre barneborn ikkje treng eit einaste frittrennande vassdrag?
Sjølvsagt vert denne ustoppelege lysta til enno meir utbygging framstilt som at det er samfunnsnyttig og noko vi treng. Men i realiteten er det eit ran av etterkomarane våre, desse politikarane er i ferd med å utføra.
Vi kan byggja ut meir skånsamt i dag enn på 80-90 talet, vert det argumentert med. Nei, vi kan ikkje det, sjølvsagt kan vi ikkje det. Det er berre ein retorikk, heilt utan substans, for å rettferdiggjera ranet som er på trappene. Dei ynskjer å prøva på nytt med gårsdagens løysingar på morgondagens utfordringar. Det blir berre mykje meir alvorleg, fordi det er å bryta kontrakten om varig vern mot kraftutbygging for våre siste vassdrag. Utspelet er historielaust, meiningslaust og heilt utan berekraft.
Naturen vår er under konstant press frå sterke krefter. Difor er det mange i Kvinnherad som no har gått saman for å slå ring rundt naturen vår. Samarbeidsrådet for natursaker representerer «alle» kvinnheringar som ser verdien av å ta vare på dei siste restane av naturen.
Skal vi lukkast med det, er det ikkje utan betydning kven som sit på det norske Storting.
Bruk røysteretten din. Godt val!
Sigurd Vikøren