Det blir ein spennande haust!

Sigurd Vikøren

Etter ein prøveperiode har mange gamle lesarar av papirmagasinet blitt med over på nettmagasinet.

Vi merkar på e-post og annan kontakt at interesserte frå andre stader er i ferd med å oppdaga sida vår.

Sjølv redaktørar treng litt ferie, men plutseleg er det haust.   

Til hausten har vi planar om å ta opp interessante tema om korleis våre felles verdiar som naturen bør disponerast i det grøne skiftet, og ikkje minst om det vi sit att med i kommunane er rettvist, eller er det no på høg tid at vi set foten ned?

Mange prognosar peikar mot at kommunane langs Hardangerfjorden skal avfolkast. At det blir færre folk som kjem til å bu og arbeida i bygdene våre. Er områda langs verdas mest sjarmerande fjord i ferd med å bli ein avfolka utkant med dei negative trendar det kan innehalda?

Om vi sjølve, vi som bur her, ikkje set fokus på kvifor mange piler peikar galne vegen, kven er det då som skal gjera det? Skal vi berre lita på politikarane våre, at dei nok vil sikra framtida vår?

Eller kanskje vi sjølve er i ferd med å saga av den greina vi sit på? 

Kanskje du meiner som papirflyttarane i Tigerstaden, at det er dei som skapar verdiane og at vi som bur langs Hardangerfjorden eigentleg berre er ein utgiftspost?

Hardangerfjordmagasinet har planar om å reisa interessante problemstillingar utover hausten og vonar du vil bidra med synspunkt.

Forstår vi som bur her verdien av fjorden, fossen, fjella og naturen? Er det blitt slik at dei som tenar store pengar på papirverdiar, utnyttar oss som sit på realverdiane og ler av oss på veg til banken?

Eg trur du vil treffa spennande skribentar og  interessante problemstillingar.

Vi snakkar om framtida vår.

Ha ein fin sommar, så snakkast vi til hausten.

Sigurd

Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal