Det er den draumen!

Sigurd Vikøren

17. mai-helg og eller pinsti-helg er dei store utfartshelgene for vårskitur på Folgefonna.

Folk som står på ski
Foto: Kåre Eik

Når desse orda blir skrive, så er værmeldaren sine utsikter for pinsti 2023 ikkje dei aller beste. Då kan vi nytta høvet til å drøyma om ein slik tur i vakkert vær, for det kjem ein ny vår. Neste år, då skal vi…….

Folk som står i skikk i uvær
Her ser du korleis det kan væra på fonna når været ikkje er heilt på lag. Då kan det vera ok å drøyma om tur i finvær. Foto: Kåre Eik

Har du gått denne turen før, så veit du at det er krevjande, men at premien er verd alt du må investera både på opp- og nedtur. Folgefonna, denne juvelen som ligg sentralt i favnen mellom Hardangerfjorden sine vakre armar, toppar ein spektakulær fjellheim med mange juvelar som kan ta pusten frå deg.

Skal du gå fonna på langs må du fort rekna med 10 – 12 timar på tur to dagar til endes, med overnatting. Vi kan vel seie at fysisk form bør vera bra, elles kan det gå ut over den psykiske forma og redusera gleda over ei så fantastisk oppleving som denne turen er, og som du fortenar å få nyta.

blomstereng

Det kan vera krevjande å koma seg opp på fonna. Men å gli sakte ned frå toppen, lettkledd, med ein frisk behageleg bris som stryk deg over kinnet, medan du nyt ei fantastisk utsikt, er absolutt ei salig kjensle. 

Etter to dagar på verdens tak med kvit snø over alt, er det ei mektig oppleving når du skal av fonna. På eit eller anna høgde-nivå møter du våren med tusenvis av kvitveis i bakkane og fossar som brusar i vårflaumen. Når det glitrar i vatnet og du ser regnbogen som glimtar i fossa-drevet, då kjenner du at dette er vakkert, dette er godt for sjela og heile meg. Får du i tillegg litt påfyll med ein sjokolade eller litt energibar, så vil adrenalin og energi ta deg resten av turen ned mot fjorden.

Fin solnedgang

Det er kanskje fyrst når du set nydusja ved eit bord mest heilt i fjæra og nyt den låge sola som speglar seg i fjorden, du kjenner på velværet, og forstår heilt ut det fantastiske du har vore med på. Når du då får god mat og litt bobler i eit høgt glas, då smiler livet til deg. Eller for å sitere Imre på tre år, -da lever jeg mitt aller beste liv!

God pinsti!

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling