Vår arv og kapital, fjorden, fossen, fjellet, fonna!

Sigurd Vikøren

Det er tid for å vakne!

Langs heile Hardangerfjorden, frå Espevær til Ulvik, Eidfjord og Odda, finn vi mange levande og vakre bygder. Eit klassisk døme finn vi i Kvinnherad, kommunen som strekkjer sine armar langt ut i Sunnhordland, samstundes som landskapet i indre delar smeltar saman med velkjente Hardanger. Kvinnherad er limet som knyter regionen langs Hardangerfjorden saman til ein heilskap, der mange finn grunnlag for det gode liv. Likevel er det ingen tvil mellom dei som studerer framtida, at mange av dei trivelege bygdene langs fjorden vil bli avfolka og fråflytta.

Spørsmålet er kvifor?

Kvinnherad ligg midt i Vestlandet sin beste indrefilet, der fjorden, fossen, fjella og fonna er dei sentrale fellesverdiane. Naturverdiar som er den historiske bakgrunnen for at vi som bur her er kvinnheringar. Dei fleste av oss flyttar ikkje heimanfrå av eigen fri vilje? Endringar i kvardagen kjem likevel til å tvinga oss vekk, seier ekspertane. 

Er det livsgrunnlaget som blir borte? Vil framtida i bygdene våre verta utarma? Skjer det noko med naturen, eller fellesverdiane som skvisar oss ut? Kjenner du på ein snikande uro over at vi rett og slett er i ferd med å bli fråteken eksistens-grunnlaget?

Den verdfulle naturen vår er ettertrakta og mange står i kø for å få hand om dei store verdiane. Historia er full av dokumentasjon på korleis vi tidlegare har blitt lurt, mest fordi tida då var annleis, og vi mangla kunnskap om kva realverdiar vi hadde. I dag er vi sjølvsagt langt meir medviten på verdien av naturen vår, eller?

Det kan vera vanskeleg å fastsetja eksakt pris på naturen i kroner, men vi snakkar om enorme verdiar, svimlande summar, beløp så store at vi truleg har vanskar med å heilt forstå kva tala betyr? Nokon kjem til å tena gigant-beløp på våre fellesverdiar, i all framtid. Då er det sanneleg til ettertanke at vi sjølve er på veg til å bli skvisa ut? 

Dei som jaktar verdiane våre er ressurssterke og veit kva dei vil og kva som må til. Dei har dyktige lobbyistar i arbeid 24/7 på sentrale stader der retningslinjer, lover og reglar vert vedtekne. Tida er overmoden for at vi bør knyta til oss personar med kloke hovud for å framsnakka våre eigne synspunkt, slik at vi betre kan ta vare på verdiane våre. Dersom vi sjølve ikkje gjer slike grep, kven er det då som skal stå i brodden for våre rettferdige krav? 

Søknader om konsesjon for effekt-kraftverk og nye store kraftlinjer er på trappene. Siste tilskot i jakta på våre ressursar, er oppdrett av laks. Desse selskapa sine anlegg er arealkrevjande og sterkt belastande for fjorden, på mange områder.

Er sanninga at vi sjølve i realiteten berre sit att med smular, medan andre tener seg søkkrike på (for)bruk av vår arv og kapital? Sterke lobbyar og urimelege rammer avgrensar heilt klart tilgang til vår rettmessige del av eigne verdiar. Underfundige krav frå dei som vil tileigna seg verdiane våre ligg bak, og presset kjem berre til å auka. Argumentasjonen som blir brukt endrar seg, men er heile tida tilpassa det som til ei kvar tid blir vurdert som relevant.

Statkraft har i Mauranger på 50 år, produsert straum til ein verdi av 65 milliardar (2023) kroner skriv dei i jubileumsboka si. SKL har truleg produsert minst eit liknande beløp i Blåelva. 130 000 000 000 – eller 130 tusen millionar kroner over 50 år er ein betydeleg pengestraum, som skal fortsetja og truleg auka inn i framtida så langt vi kan sjå. 

Samstundes er vår del av inntektene under konstant press. Kommunar som ikkje har inntekter frå kraftutbygging skal no få større delar av våre inntekter. Endringar av eigedomsskatten kan føra til at kommunen får så lite att for konsesjon til Mauranger 2 at det er heilt uakseptabelt. At statlege selskap som blir enno rikare på våre ressursar vil laga seg rammeverk som gjer at vertskommunen får reduserte inntekter er heilt uhøyrt. Skal vi berre sitja å sjå på at dette skjer?

I eit uoversiktleg landskap med kunstige og nærast uetiske rammer er det vanskeleg for andre enn ekspertar å orientera seg, men spørsmålet må likevel bli stilt: 

-Skal vi berre stå å sjå på at vi blir rana på høgljos dag?

Vi går inn i ei spennande tid. Statkraft søkjer konsesjon på Mauranger 2, eit stort effekt-kraftverk. Statnett si nye 420 kV-linje skal etablerast i ein trasé på sida av dagens 300 kV- linje, noko som vil vera enormt arealkrevjande. SKL sine planar om nytt effekt-kraftverk er i ferd med å ta form. Europeiske pensjonsfond og andre vil gjerne investera i mindre kraftverk og ynskjer sjølvsagt å maksimera utbyte. Oppdrettsbransjen har garantert store planar om å auka produksjonen og sit med enorme ressursar til å påverka sentrale avgjerdstakarar.

Dersom vi no ikkje slår i bordet, ropar høgt nok, og viser at vi vil ta vare på våre verdiar, kjem vi til å bli rana for meir av vår natur. Når naturen er oppbrukt, all drift blir automatisert, då kjem nedgangstidene brutalt sigande. Då må mange, kanskje dei aller fleste flytta til byen. Dei som overvaker trendar og vurderer framtida ser sjølvsagt dei same faresignala som Hardangerfjordmagasinet her peikar på. Konklusjonen deira er fråflytting, trenden er klar og den kjem ikkje til å snu av seg sjølv.

Det er no kampen står!

Hardangerfjordmagasinet kjem til å setja fokus på Mauranger 2. Kjem til å ha sterke meiningar om Statnett si nye kraftlinje gjennom Kvinnherad, som sjølvsagt må leggjast i fjorden forbi områder som staten sjølv har verna mot andre inngrep. 

Vi kjem til å sjå på aktualiteten til det globale Kunming-Montreal-rammeverket. Her kjem snart ei Stortingsmelding og det blir spennande å sjå kva vi kan få ut av denne rammeavtalen, både med tanke på ny kraftlinje og ikkje minst i Muradalen.

Kampen om våre felles naturverdiar blir garantert ingen sundagsskule. Men kampen står no og desse verdiane er grunnlaget for velferda vår og heilt avgjerande for framtidig busetnad. Lokalt kan vi sjølvsagt krangla om korleis vi skal forvalta naturen, men det forutset at vi har noko å krangla om.

Uansett kva vi vel å bruka våre ressursar til, må bruken spegla verdien, gjennom det som blir verande att lokalt, andre variantar har ikkje berekraft. 

Vi kan lukkast gjennom å krevja vår rett til større del av eigne ressursar, då kan trenden snu og bygdene framleis leva. Det vil bli ein formidabel jobb og tida er knapp!

Men dersom du og eg ikkje tek den jobben, kven er det då som skal ta vare på vår arv og kapital?


På facebook-sida til Sigurd Vikøren kan du lika denne artikkelen, og eller gi ein kommentar.

Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank

Mauranger 2

Torsdag 19. sept. Skal kommunestyret i Kvinnherad ta stilling til Statkraft sin søknad om konsesjon for Mauranger 2.