Det kloke og viktige valet!

Sigurd Vikøren

Fantastiske Kvinnherad! Denne vakre kommunen som bind saman Sunnhordland og Hardanger, til regionen vi elskar.

Her finn du verdas mest sjarmerande fjord, eit nasjonalt kulturlandskap, kransa av ein eventyrleg fjellheim, der den mektige og vakre Folgefonna toppar det heile.

Vi har nasjonalpark og ein heilt unik vassdragsnatur, der små bekker vert store elvar og finn vegen gjennom fossar og stryk, heilt frå fonna, mellom fjella, og ut i fjorden. Ei gåve frå skaparen, vakrare enn ein draum. Det er denne heilskapen som er signaturen vår. 

90 prosent av all denne venleiken har vår generasjon nytta til kraftutbygging. I Kvinnherad har vi bygd ut langt meir av vassdraga våre enn landsgjennomsnittet, og vi er i ferd med å byggja ut meir. Det får meg til å undrast over kva tid nok er nok?

Folgefonna nasjonalpark, landskapsvernet, og dei varig verna vassdraga. Sentrale og viktige delar av heilskapen kring Baroniet Rosendal, vår nasjonale kulturhistoriske skatt. Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall.

Det er no, du og eg kan bidra til å sikra denne heilskapen, signaturen vår, for framtida. Til gleda for oss sjølve, våre barneborn, og framtida sine generasjonar. 

Røyst på eit parti som vil ta vare på heilskapen i naturen vår, eit parti som forstår kor viktig dette er. Det er framtidsretta, berekraftig og klokt, det er vårt ansvar.

Sigurd Vikøren

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling

Det kloke og viktige valet!

Fantastiske Kvinnherad! Denne vakre kommunen som bind saman Sunnhordland og Hardanger, til regionen vi elskar.