Dette er kvalitetane som er hovedgrunnen til at vi «alle» vil ha 420 kV linja til Statnett i sjø, eller tunell. Då viser vi respekt for dei nasjonale verna, samstundes som vi legg til rette for at Statnett kan fylla sitt nasjonale oppdrag. Kommunestyret har eit samrøystes vedtak på at dei ynskjer ei slik løysing.
Nær knytt til Baroniet Rosendal, i baroniet sitt kulturlandskap, enno tettare på nasjonalparken, midt i landskapsvernområdet og ikkje minst vassdragsvernet, er delar av landskapet sin opphavelege verdi, redusert av Hattebergdalen kraftstasjon. Særleg etter overgrepet som kom med utvidinga av kraftstasjonen i 2011. No er tida rett for å rydda opp i dette sterkt kritikkverdige overgrepet.
Regjeringa har forplikta Noreg til før 2030 å starta attendeføring av 30 % utbygd natur til det opphavlege. Dette byggjer på Montreal-avtalen til FN sitt naturpanel.
Hattebergvassdraget vil vera midt i blinken for ei slik attendeføring. Dette kan utvida Folgefonna nasjonalpark med kanskje den aller finaste indrefileten, og vil gje Kvinnherad ein endå høgare status på alle turist- og naturparameter. Av Stortingsmelding nr. 35 (2023-2024) går det fram at staten har økonomiske midlar tilgjengeleg for slike prosjekt.
Samstundes som Kvinnherad er positiv til enno meir kraftutbygging i Blåelva, og truleg kjem til å få mykje meir utbygging i Mauranger, uansett kva vi sjølve måtte meina. Vil kommunen gjennom å stengja ned kraftstasjonen i Hattebergdalen, få ein langt betre balanse i bruken av areal mellom kraftutbygging og vern.
Vi er så heldige at kommunestyret er generalforsamling i Kvinnherad Energi, dei kan difor sjølve starta prosessen med å restaurera Hattebergvassdraget, når dei vil. Ein prosess som vil visa både evne og vilje til å retta opp i feil som er gjorde, og ta kreative avgjerder til rett tid.
Dobbelmoral ein farleg agenda.
Kvinnherad kommune har peika på alle dei lokale verdiane og sagt klart frå om at 420 kV linje i luft gjennom Rosendal, vil kommunen ikkje ha. Men i døra på veg ut frå NVE sine kontor, møter dei sitt eige selskap, Kvinnherad Energi, på veg inn, for å be NVE om hjelp til meir kraftutbygging i Hattebergdalen. I eit vassdrag som er varig verna mot kraftutbygging, midt i eit landskapsvernområde som er oppretta for å ivareta verdfull vassdragsnatur. Korleis, trur du, ein slik dobbelmoral vil bli vurdert av direktoratet?
Vi kan då ikkje ha det slik i Kvinnherad?
Dersom kommunestyret sine krav til NVE og Statnett om 420 kV linja skal ha noko truverd, få noko gjennomslag, bli teken på alvor. Er det ikkje då viktig, og gjerne heilt avgjerande at kommunestyret stiller dei same krava til seg sjølv?
Å stengja ned kraftverket i Hattebergdalen, vil vera minst like viktig for vern av heilskapen, som fjerning av den gamle 300 kV linja. «Alle» heiar no på kommunestyret, og vonar dei vil tenkja heilskap. Forstå sitt ansvar, å ta vare på dei aller siste restane av vår vassdragsnatur.
Det er, og vil vera i konflikt med Baroniet Rosendal sine ynskjer, i strid med nasjonalpark, landskapsvern og vassdragsvern dersom vi ikkje ryddar opp i Hattebergvassdraget.
I 2025 må vi evna å tenkja nytt, tenkja konstruktivt, sjå kva som tener oss best i framtida. Det er ikkje vasskraft vi har for lite av, det er urørt natur.