Draumen om sommaren!

Sigurd Vikøren

Litt tidleg, men det er lov å drøyma.
Sommaren vi drøymer om og lengtar etter, kjem når du minst anar det, plutselig berre er han her.

Sommeren i Hardanger

Eg drøymer at vi kjem samstundes, sommaren og eg, til alle fine plassar, langs heile fjorden. At vi kjem hand i hand, med kjærleik til kvar og ein, sommaren og eg.

Draumen er å vera i lag med sommaren, når han kjem. På fjorden, i fjæra, ved fossen, på fjellet og fonna. Oppleva den gode kjensla av sommaren, når han ruskar deg i håret, stryk deg over kinnet, varmar deg på ryggen. Då er alt det gode plutselig her i lag med deg og meg og sommaren.

Blir aldri heilt samd med meg sjølv om kvar sommaren er aller best? Sjølvsagt er han alltid god, alltid velkomen, alltid min ven, sommaren er kjærleik. Når han kjem ser du fotefar av han, i dråpen under snøen, når humla møter blomen og i alt det vakre ljoset. Ikkje minst kjenner du på angen av velvære, at sommaren er her. 

Sommaren kan vera mange stader samstundes, det er litt meir krevjande for deg og meg. Likevel kan vi møta han ulike stader, vera der når han kjem. Vera saman i sola og gle oss i lag med vår ven.

Sommaren på fjellet og fonna er ikkje heilt den same sommaren som du treff i kulturenga ved fjorden, eller på svaberga ved havet. Sommaren er ein ven, ikkje alltid like trufast i våre augo, men i sin visdom ser han fleire kvalitetar enn vi. 

Saman med sola og varmen vil vi bli her så lenge som vi kan, med draumen om fargar og ljos, sommaren og eg, i sola og varmen, saman med deg!

Foto:

Jens Ripel

Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank