Draumen om sommaren!

Sigurd Vikøren nr. 1 – 2019

Han du drøymer om og lengtar etter, han kjem når du minst anar det. Plutselig berre er han her, sommaren!

Draumen er å vera her med sommaren, når han kjem. På fjorden, i fjæra, ved fossen, på fjellet og fonna. Foto: Rosendal Natur – Erlend Hellingsrud

Eg drøymer at vi kjem samstundes, sommaren og eg, til alle fine stader, langs heile fjorden. At vi kjem hand i hand, med kjærleik til kvar og ein, sommaren og eg.

Draumen er å vera her med sommaren, når han kjem. På fjorden, i fjæra, ved fossen, på fjellet og fonna.

Oppleva den gode kjensla av sommaren, når han ruskar deg i håret, stryk deg over kinnet, varmar deg på ryggen. Når alt det gode plutselig berre er her, i lag med deg og meg og sommaren.

Blir aldri heilt samd med meg sjølv om kvar sommaren er aller best? Han er alltid god, alltid velkomen, alltid min ven, sommaren er kjærleik.

Når han kjem, ser du fotefar av han, i dråpen under snøen, når humla møter blomen og i alt det vakre ljoset. Ikkje minst kjenner du på angen og ditt velvære, at sommaren er her.

Sommaren er ikkje heilt den same på fjellet, som han du møter i kulturenga ved fjorden, eller på svaberga ved havet. Men, sommaren er vår ven, ikkje alltid like trufast i våre augo, men i sin visdom ser han andre kvalitetar enn vi.

Sommaren er vår ven, ei gåve som gjev kjærleik, venleik, fargar, liv og ljos. Vi gler oss sommaren og eg, til sola og varmen, saman med deg!

Sigurd Vikøren

Moster 1000 2024
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.