Ein hyllest til fotball!

Sigurd Vikøren

Til eit vidunderleg univers med så mange små og store opplevingar at du ikkje kan telja dei.

Til eit vidunderleg univers med så mange små og store opplevingar at du ikkje kan telja dei. Her kan du dukka inn og koza deg med mykje av det meste på alle nivå. Eg treng ikkje forklara det nærare. Dei som er ein del av dette universet forstår kva eg meinar. Dei andre vil aldri forstå det uansett kva eg skriv.

Dette er ikkje historia om eigne fantastiske prestasjonar. Dette er ein hymne frå grasrota til fotballen og heile universet som finnest rundt dette vidunderlege spelet.

For ein som sjølv står sentralt i dette universet er det uråd å førestilla seg eit liv utan å kunna  ta del i alt dette rike spelet. Ein eksistens i 2024 utan google, mobiltelefon og internett er krevjande. Dei fleste vil meine at eit slikt liv vert stussleg. Dei som er utan veit ikkje kva dei går glipp av. Slik er det med eit liv utan fotball òg.

Etter 70 gylne år i samliv med fotball er der sjølvsagt mange store høgdepunkt. Mange på min alder ser ut som lappeteppe med mønster frå Tyskland etter andre verdskrig. Låra og ræva er merkt etter sklitaklingar på grusbanar over heile regionen gjennom mange år.

Ein dag eg sat å koza meg med gode minner, kom ein tanke smygande, om at hadde eg hatt 5 kroner i timen for alle treningar og for all tida på sidelinja så hadde eg vore ein halden mann. Våt og kald i all slags ufyseleg vær har eg delt av mine gode og sterke faglege råd med spelarane på laget mitt. I fotballen si verd er det plass for mange draumar, sjølv om ikkje alle er lika reelle. Den eg har drøymt klart flest gonger har blitt røyndom, ikkje berre ein gong. Det er ein draum med lyden av kjegler som vert føyst bortover grusen av syd-austen, før dei forsvinn over gjerdet og ut i fjorden.

Ein annan draum som må verta røyndom og ein viktig del av livet til ein fotball-nerd, er sjølvsagt tur til balløya, til England. Vi unner sjølvsagt absolutt alle å oppleva det universet som finnest rundt fotball og alle lag på balløya. Du snakkar meg om å reisa til Mekka. Stemninga på puben før og etter må opplevast, med allsong der heile familien deltek. Du skal leita lenge etter sterkare samhald en det fotballen skapar.

Samhald er stikkord for å retta fokus mot framtida og nye store opplevingar. Det som utan tvil har gjort fotballen og heile universet enno meir attraktivt er at jentene, damene  har blitt aktive også som spelarar i fotballen. Du kan seie kva du vil, men i dei aller fleste samanhengar blir alt mykje trivelegare når jentene er med. Vi som har trudd på jentene og at dei kunne bli gode i fotball, fekk sjølvsagt rett. Inntoget av jenter i fotballen har vore positivt på alle måtar.

Slik har fotballen blitt meir ei familiegreie på alle nivå i universet, og det vi kan oppleva saman med dei vi set aller mest pris på, gjere at opplevingane blir sterkare, rikare og mykje kjekkare. Med dette bakteppet blir det å oppleva nye generasjonar som knekke koden til fotball-universet ei heilt fantastisk oppleving. Ikkje minst for bestefar-generasjonen og er med å knyter sterke relasjonar.

Utfordringane er korleis du trøystar kjære barneborn som trur på Rosenborgsiger i Bergen?

Fordi fotballens vesen er fredeleg kappestrid, treng vi både Rosenborg og Vålerenga. Elles kan vi ikkje oppleva den euforiske kjensla og botnlause gleda som strøymer gjennom oss når laget vårt scorar mot Rosenborg og Vålerenga, eller for den saks skuld Arsenal. Sjølv om VAR er ein effektiv drepar av euforien, så må vi ha lag å spela mot, som det betyr noko å setja på plass!

Sundag blir ein stor fotballdag. Startar på Liland Idrettspark, der fotballkompisen min, Brage, saman med sine vener i Sædalen Gorilla skal spela turnering.

Etterpå blir det tur med VIASAT til Wembley Stadium i London for playoff-finale til Premier League, med Leeds mot Southampton. Sundag kveld kjem så sjølve rosina i pølsa. Då skal vi på Staddaen og sjå kampen Brann – Molde.

For ein dag dette blir, med fotball på ulike nivå. Håpet og trua er scoring til Brage for Sædalen Gorilla, Opprykk til Leeds og tre poeng til Brann.

Dette er kinderegget vi går for, då blir det ein fiiiin biltur heim, sjølv om sundagen er blitt måndag før bessen tuslar ut med bosset heima på Plassaneset. Trur det er rest og bio.

Ha ein fin fotballsommar!

Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank