I mange år, etter skandalen (utvidinga av kraftverket) i Hattebergdalen, har eg prøvt å sjå andre vegen og halde meg for nasa når eg passerte elefanten. Heilt til styret i Kvinnherad Energi informerte i kommunestyret om at dei har planar for meir kraftutbygging. Då vart det heilt uråd å sjå andre vegen, då måtte nokon seie frå om at nok er nok.
Å skriva at juks og fanteri er avdekka og dokumentert, hos eit offentleg selskap, synest eg må vera både pinleg og veldig provoserande. At dagens leiing av Kvinnherad Energi likevel ikkje ynskjer å kommentera opplysningane er truleg fordi dei sjølve ikkje har vore direkte involvert, og difor vil hevda at dei ikkje kjenner saka.
Kvinnherad Energi er vårt eige selskap, ditt og mitt. Eit selskap som representerer kvinnheringar, eit selskap vi gjerne vil vera stolte over. For dei som skal driva dette selskapet inn i framtida, er det å kjenna historia ei viktig ballast. Difor har vi no teke kontakt med styreformannen for å høyra om selskapet er interessert i ein dialog om problema frå historia og vegen vidare?
Kvinnherad Energi har utvida kraftverket i Hattebergdalen med eit problematisk løyve. Dersom selskapet vel å gå vidare utan å gjera greie for prosessen som ligg bak, då har vi ei svært krevjande utfordring.
Kortversjonen av dei avgjerande og styrande vedtaka, etter Kvinnherad Energi søkte om utviding av kraftverket i Hattebergdalen er slik:
I brev til Stortinget, skriv Kvinnherad Energi at selskapet forstår at kraftstasjonen, etter bindande vedtak i departementet, ikkje kan utvidast utan konsesjon. Difor klagar dei avslaget frå OED på tidlegare søknad om konsesjon, inn for Stortinget. Komiteen kom på synfaring i Hattebergdalen etter krav frå Kvinnherad Energi, som i brevet hevdar at Stortinget var ført bak ljoset.
Påstanden frå Kvinnherad Energi vart grundig avvist. I Stortingsmelding nr. 23 (2002-2003) og Innstilling S nr. 257. seier Stortinget for andre gong klart nei til alternativ 6. Alternativet som Kvinnherad Energi sjølv har stadfesta er utvidinga dei seinare har gjennomført i Hattebergdalen.
I Stortingsmeldinga og Innstillinga går Stortinget motsatt veg av det Kvinnherad Energi hadde ynskje om. Dei sluttar seg til ei lang rad punkt i vedtaks form, som sette ein tydeleg og endeleg sluttstrek for utviding av kraftverket i Hattebergdalen.
Gjennom Stortingsmelding nr. 23 og Innstilling S nr. 257 sluttar Stortinget seg til vedtaket om at alle søknader om utviding av kraftstasjonen må ha konsesjon, og vedtar med stort fleirtal at Kvinnherad Energi ikkje får slik konsesjon.
Korleis slike krystallklare vedtak i Stortinget, likevel endar med at Kvinnherad Energi utvidar kraftverket etter alternativ 6, utan søknad om konsesjon, treng ei særdeles truverdig forklaring.
Dåverande dagleg leiar i Kvinnherad Energi, seier i ein kommentar til Kvinnheringen, at dette var ein ryddig og demokratisk prosess. Vidare fortel same daglege leiar at saka også var oppe i Høgsterett, der Kvinnherad Energi vann.
Komplottet og jukset eg skriv om, overprøving og manipulering av Stortinget sin vilje og klare vedtak, har aldri vore handsama i rettsapparatet. Ein ryddig og demokratisk prosess er heller ikkje det fyrste eg tenkjer på når nokon målretta overprøver og manipulerer Stortinget.
Kanskje det bør bli rettssak, kanskje statsforvaltar, sivilombodsmann, eller Stortinget sin kontrollkomité skal sjå på denne saka? Blir spennande å høyra korleis Kvinnherad Energi vurderer førespurnaden om dialog?
Elefantar luktar vondt, og høyrer ikkje heime i vår fauna!
Sigurd Vikøren