Friluftsliv!

Sigurd Vikøren

Livet som alle i Noreg har eit forhold til, gjennom heile livet. Frå vi er knøttsmå til det gror mose på oss er friluftsliv ein viktig del av vårt liv. I hytter, på turar, i båtar, i all slags vær. Ut på tur, aldri sur!

Folgefonna Breførarlag
Spektakulært friluftsliv. På tur med Folgefonni Breførarlag – Foto: Pål Hermansen

Hardangervidda nasjonalpark er 40 år! Fastlands Noreg sin største nasjonalpark ligg på Europa sitt største høgfjells-platå. For eit smykke, for ein historie, for ei oppleving! Les om nasjonalparken i Hardangerfjordmagasinet.

Eit full-vaksinert magasin med gode historier om næringsliv og opplevingar frå øvste hylle, er om ikkje lenge på veg ned i postkassen din. I sommarmagasinet blir det mykje fokus på friluftsliv i ein region som har mykje av det meste innan akkurat det livet, eit liv som betyr så mykje for så mange.

Ullensvang profilerer seg som friluftslivet sin hovudstad. –Kor enn du er i vår kommune, er du nær ei stor oppleving i fri luft. Difor er Ullensvang Noregs friluftshovudstad, seier kommunen sjølv. 

Ullensvang fortel deg om bre-landskapet innanfor Folgefonna nasjonalpark, om fruktdyrkar-landskapet og fosse-landskapet. I Ullensvang finn du og kraftfulle kontrastar i det industrielle landskapet.

Har friluftslivet noko å by på i resten av Hardanger? Kan du finna spektakulære friluftsopplevingar i Eidfjord, Ulvik, Voss eller Kvam?

Kva har friluftslivet i Kvinnherad å by på? Klatring i Ulvanosa, Tinde-rangling over Bjørndals-traversen. Besøk på Melderskin, dronninga i Kvinnherad-naturen. Dette er kjente klassikarar og krevjande mål i friluftslivet. Men veit du at Kvinnherad er uendeleg mykje meir enn dei sterke merkevarenamna?

Kva med friluftslivet i Sunnhordland? Friluftsliv er vel mykje meir enn det som føregår over tregrensa. Fjord, holmar og skjer er for mange det ultimate friluftslivet. I Sunnhordlands-bassenget finn du alt du kan drøyma om av friluftsliv knytt til sjø og fjord.

Kanskje her er unike friluftsopplevingar som ikkje ein gong vi i redaksjonen kjenner til?

Vi vil gjerne ha gode innspel frå deg! Send oss gjerne ein e-post.

Juni 2021

Moster 1000 2024
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.