Ha ein aktiv påske!

Sigurd Vikøren

Påske er den viktigaste og eldste kristne høgtida. I dag vert påske feira til minne om at Jesus stod
opp frå dei døde. Påskefeiring har røter heilt attende til den aller fyrste kristne tida.

Påskekylling

Korleis var no denne koden som styrer kva tid det er påske? Fyrste sundag, etter fyrste fullmåne,
etter vårjamndøgn, slik var det ja. Der har du nøkkelen som låser opp den velsigna påskehelga.

Vi kjenner alle historia vi feirar, der Jesus møter sin lagnad. Hans siste nattverd, korsfestinga, liding
og død.

Påskedag snur alt, dette er dagen heile den kristne verda byggjer si tru på, dagen Jesus stod opp frå
dei døde.

I vår tid er påsken blitt tradisjon for mange andre aktivitetar. Påsken er tida då alle som er møkande
leie av snø og vinter likevel reiser til fjells for å kosa seg i meir snø. Du skulle ikkje tru at det var sant,
men slik er det. I nattekulde og snøkaos svir vi av millionvis av kroner fordi det er så viktig å visa seg
fram med brunfarge i andletet.

Rett skal vera rett, i aukande grad har eg intrykk av at fleire søkjer båtliv, eller ulike aktivitetar der vi
leitar etter våren, etter nytt liv. Undrast på om kvitveisen er komen, eller om linærla brått kjem
trippande?

Vi vel dei kulissane vi trivest med, for å nyta påskelammet eller annan god mat og noko i glaset. Vi
veit alle kva som høyrer til ei aktiv påske.

Her har du hovudingrediensane:

God påske!

Moster 1000 2024
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.