Ikkje mobb ferjemannskapet!

Sigurd Vikøren

Blir likevel saltande forbanna på ferjeselskapa sin manglande stillingsinstruks.

Fjord 1 har sendt ut skriv om kor dårleg mannskapet på ferjene vert handsama av oss reisande, særleg av sjåførar som strør om seg med ukvemsord. Dette er sjølvsagt heilt uhøyrt, vi må kunna oppføra oss om ikkje alt alltid går vår veg? «Viktig-Per» finnes over alt, men alvorleg talt, å angripa ferjemannskapet om verda går litt mot deg er ikkje noko særleg sympatisk.

Ute på vegen, eller på ferja, er vi alle ein del av eit trafikkbilete. Alle er tent med at trafikken fungerer best mogleg. Det gjer trafikken best når vi føl -reglar og brukar folkeskikk. Farlege trafikk-situasjonar dukkar likevel opp, ofte fordi det oppstår irritasjon. 

Her på Vestlandet er ferjene ein viktig del av vegnettet. Då er det grunnleggjande at dei som styrer trafikken av og på ferjene også bidreg til ei god trafikkavvikling. Særleg i den perioden vi no går inn i, der ein stor del av trafikkbiletet er alle campingbilane som er ute på ferietur, ein kosetur der tida ikkje spelar noko stor rolle.

Mellom dei som Fjord 1 kritiserer, er det mange som må nå ein avtale, kanskje har time hos ein spesialist, eller må nå eit møte for å signera ein viktig kontrakt, you name it. Mange har kanskje ei ny ferje dei skal nå. 

Hos vår gode ven google hadde vi registrert kor langt det var å køyra mellom ferjene, til og med kor lang tid det tok.

Signaliserer med tommelen opp til ferjemannskapet, her skal vi vera positive og oppføra oss. Været er fint, så eg skrur musikken litt opp og synge med. Trivselsfaktoren er høg, vi har god tid til neste ferja så det er berre å kosa seg. Etter ei lita stund oppdagar eg at vi ligg bak tre campingbilar, ein av dei har til og med tilhengar.  Det viser seg snart at dei er i god feriemodus og har absolutt ingen tankar om at andre har ei ny ferja dei skal nå. Tenkjer nok at dei køyrer heilt greitt og ser ikkje nokon som helst grunn til å sleppa trafikk forbi. Farten ligg rundt 55, men dei pressar lett campingbilen heilt opp i 80 når det kjem ein rett strekning. 

Fyrst blir du litt irritert, så stig varmen opp i hovudet og du delar halvhøgt karakteristikkar som Fjord 1 ikkje synest om. Rett nok dreiar det seg no ikkje fyrst og fremst om ferjemannskap, men likevel. Eg er no på full fart inn i ein modus til ikkje å vera den beste utgåva av meg sjølv.

Ser stadig oftare på klokka, og til slutt må eg erkjenna at tidsklemma er i ferd med å grusa meg. Blir fort jævlig forbanna og tar til slutt ei forbikøyring, som i beste fall ikkje var etter boka, fordi du har ein avtale du berre må nå.

På nytt er det avslørt at ferie-gjestene våre heilt manglar det grunnleggjande genet til å forstå vestlendingen sin kvardag. Når det er avklart at slik er det, ville det ikkje då løyst mykje av problemet dersom Fjord 1utstyrte mannskapet med ein stillingsinstruks?

«Mannskap som dirigerer trafikk på ferja skal ha ansvar for at vanlege personbilar vert sleppt på land før bubilar.» 

Dersom ikkje mannskapet på ferjene tar det ansvaret, kven skal då gjera det? Det vil vera eit smart tiltak som vil spara mange for mykje ubehag, også ferjemannskapet sjølve. Avverja farlege situasjonar og kanskje til og med berga liv.

Dette meiner eg, så spar meg for ein masse sjølvsagte fraser og kommentarar. 

Ja, sjåføren har ansvaret. Ja, eg kunne reist før, eg kunne ha reist i går. Ja, eg kunne teke bussen, eller snøggbåten, eller det aller beste, halde meg heima. I alle høve til bubilsesongen var øve. Likevel ville det vera mange andre som plutseleg er i same situasjon som meg.

Ferjemannskapet og Fjord 1 kunne på denne måten sjølve bidrege til betre humør og haldningar hos dei reisande. I alle høve ville dei bidrege til at vegen vart ein tryggare stad.

Sjølvsagt skal vi oppføra oss i dagleglivet, også på ferjene. 

Men kor vanskeleg kan det vera å fjerna ei openberr kjelde til irritasjon, eg berre spør? 

Sigurd

Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal

Effektkraftverket Mauranger 2 fekk eit samrøystes nei!

Ikkje kvar dag kommunestyret i Kvinnherad gjer samrøystes vedtak i viktige saker. Men sist torsdag gjorde dei akkurat det, i saka om Mauranger 2. Til Statkraft sine planar for eit stort effektkraftverk, snudde heile kommunestyret tommelen ned.

Mauranger 2

Torsdag 19. sept. Skal kommunestyret i Kvinnherad ta stilling til Statkraft sin søknad om konsesjon for Mauranger 2.