Jangen ein institusjon i Odda

Sigurd Vikøren nr. 1 – 2019

Det Jan Gravdal ikkje veit om Odda og Sørfjorden er uvesentleg og har ingen betydning. I 1970 var Jangen skiftarbeider på Zinken, men skreiv litt på si. Redaktøren i Haugesunds Avis ringde ein dag.

Det Jan Gravdal ikkje veit om Odda og Sørfjorden er uvesentleg og har ingen betydning.

Det Jan Gravdal ikkje veit om Odda og Sørfjorden er uvesentleg og har ingen betydning. I 1970 var Jangen skiftarbeider på Zinken, men skreiv litt på si. Redaktøren i Haugesunds Avis ringde ein dag og spurde om han ville ta turen til Suldal og prøva å få ein prat med ein superkjendis, som var på laksefiske.

Werner Magnus Maximilian Freiherr von Braun  var ein tysk-amerikansk romfartstekniker og romarkitekt. Han var leiande i utviklinga av raketteknologi i Tyskland og seinare ein pioner innen raketteknologi og romforskning i USA.

Han jobba for United States Army på eit program for ballistiske raketter (IRBM), og han utvikla rakettane som lanserte USA sin fyrste satellitt Explorer 1.

Von Braun si gruppe vart assimilert i NASA, der han fungerte som direktør for det nyoppretta Marshall Space Flight Center og var sjefarkitekt for Saturn V super-løftestart køyretøyet som dreiv Apollo-romfartøyet til månen. I 1975 mottok von Braun National Medal of Science. Von Braun føreslo då å senda eit menneske på oppdrag til Mars.

Eit samla norsk pressekorps jakta på von Braun, men Jangen var den einaste som fekk tysk-amerikanaren i tale, og redaktøren i HA vart så begeistra at han tilbaud Jan Gravdal jobb på direkten. Jangen takka ja, og vart verande som HA sin mann i Hardanger fram til han gjekk av med pensjon i 2004.

Jangen er ein særleg utadvent person, med eit utruleg nettverk og ikkje minst eit solid kjennskap til det politiske liv i store delar av regionen. Ikkje minst er han kjent for å stå bak mykje humor. 1 million har vore inne å lese i bloggen til Jangen. Om du vil bli ein av dei, så finn du meir enn tusen blogginnlegg på: Oddajangen wordpress.com.

I innleiinga til Bloggen presenterar Oddingen seg sjølv slik:

Jangen – Jan Gravdal, fødd i Odda ein svinkald februarsundag i 1942.

Jangen var journalist i Haugesunds Avis. Har gitt ut 8 bøker og skrive ca 1200 bloggartiklar dei siste 10 åra.

Gift med Marit Synnøve fra 15. april 1961. Har tre døtre, Anne (56), Gunn (54), Marie (32). Åtte barnebarn og fire oldebarn – foreløpig. (per juli 2017.)

Fikk en kraftig hjerneblødning i 2007 og ble lammet i høyre side. Kan prate, men bør holde kjeft når iveren tar overhånd. Det blir bare surr ut av det. Skriver med venstre hånd, bommer av og til og bruker dobbel så lang tid. Har elles trent med fysio heile tida. Flinke folk. Ønske? Etter at det skal gå bra med familien min, skal jeg slåss for ei flott framtid for Odda. Stedet har fortjent det. Og jeg har sett hva som skal til.

”Det var den draumen…”

Her kjem prøvar frå bloggen:

Ein dag gjekk Samson Hildal sin veg. Det var ikkje meir. Han hadde så lyst å være der oppe på garden, men det gjekk ikkje, han var så åleine, det var så mørkt. Og han var gammal, han var redd når han var åleine. Ikkje det at han sa det, men eg skjønte det.  Dei tre ungdommane som kom til gards ein augustdag i 1983 drepte Sunniva. Drepte snille Sunniva då ho plukka ripsber. De hadde brekt foten på Samson, hadde slått hjernerystelse på han og bunde han fast til ein kjøkenstol. Han satt slik til neste døgn. Sunniva låg daud ute i gangen. Han hadde forstått det. Det var vondt.

Han var tryggare på aldersheimen. Han ville opp att, bygde seg ei hytte,  for han kunne ikkje bu i det gamle huset. Men han klarte ikkje bu der heller. Han hadde likevel sine draumar. Ein gamal mann har og draumar.  Eg var med Samson noen ganger, vi satt der uten å seie så mykje. Men han sa noe om draumen. Og det enkle livet på den 19 mål store garden.  Kreftene hans var borte. Dei tre ungdommane hadde knust draumen. Dei hadde ødelagt resten av hans liv. Men han sa det ikkje.  Det var ikkje naudsynt.  Ungdommane hadde rasert sine eigne liv og. Kvifor ?

Han dro på aldersheimen igjen. Og så fekk han sjå kor den vesle garden blei starten på noko nytt. Den blei den vakraste eigedomen i Odda, den mest inkluderande. Slektninger hadde tatt over. Det var ikkje slutt, ein draum kan vare lenger enn eit liv. Samson døydde for mange år sidan. Kan han se kor vakker garden har blitt så kan han smile. Kanskje var det slik han var – draumen?

Elva – som ein mardraum

Elva var som ein mardrøm som eg ikkje kunne komma utanom

Elva var som ein glefsande, kvit kjeft. Ein glefsande kvit kjeft som aldri slutta å brøle. Men i all sin ustyrlige villskap, var ho lokkande, lokkande som om den brusa for ein evighet. Som eg skulle få ta del i. Eg visste det ikkje, eg veit ikkje kva tankar eg hadde. Eg var som i ein mardraum. Eg sat på muren bak grishuset til gamle Langva. Huset var sett opp i elvekanten, to meter over elva. Det var berre ein kant av murt stein på baksida. Der var det eg skulle. Eg akte meg utpå der på  baksida, ingen såg meg, men heller ikkje det visste eg. Eg  var som i ei eigen verd. Eg ville berre komme så nær den frådande spennande elva. Eg var åleine – elva og eg. Eg kan ikkje hugse kva slags tankar eg hadde, men eg veit eg opplevde noko sjelsetjande, noko eg aldri blei kvitt.

Ein arm kom rundt hjørna, ei mor som ikkje sa noko. Ho var livredd. Ho var så redd at ho skalv over heile kroppen. Men eg visste det ikkje, eg såg ho ikkje. Ho greip hardt i meg. Sekundet låg eg inn til den skjelvande kroppen hennar. Eg hugsar det ikkje. Eg hugsar berre den altoppslukande følelsen av  den frådane elva. At eg var som oppslukt av krefter eg alltid ønskte å bli ein del av. Og ikkje ønskte å bli ein del.

Eg var fire og et halvt år gammal. Det er 73 år sidan og seinare har dette fulgt meg. Elva har fulgt meg. Ikkje det at eg blei redd elva, og i mange år tenkte eg berre av og til på episoden. Eg sat lenge på steinane, mange minuttar, ein evighet.  Ein dag no i slutten av oktober 2014 og seinare i 2019 kom alt saman attende. Som ein flom, som ein gammal mardraum. Eg såg elva i den villskapen som batt meg fast. For eg veit no at eg var berre nokon centimeter og nokon sekunder frå å aldri å bli funnen, til å bli gløymd . Eller til noko som eg ikkje veit om og ingen kan fortelle deg noko om.

Kjærlighetshistorien på Kjeåsen

Han het Verald og var fra Voss.  Han var en staut kar og blei innkalt i Kongens garde i København.  21 år dro han og skulle tjene kongen i Danmark.  En dag traff han Anbjørg. Hun var datter av en rik kjøpmann og var helt og holdent «forbudt område» for Verald. Hun hørte til en helt annen verden. Men de traff hverandre i smug.  De trosset alle skrevne og uskrevne regler. Det kunne ikke gå og en dag ble de oppdaget.  Verald skulle i arrest dagen etter.  Han rømte. Desserterte, og det var svært alvorlig, så alvorlig at Verald regnet med dødstraff om han ble tatt.

Men Verald ble ikke tatt.  De søkte etter ham både i Danmark og etterhvert i Norge.  Verald var borte.  Langt inne i Simadalen, i botnen av Simafjorden, en av de minste armene til Hardangerfjorden.  Dit hadde Verald kommet og fikk  vite at det gikk en slags vei opp til et sted som het Kjeåsen.  Kjeåsen lå 510 stupbratte meter over fjorden. Verald kom seg opp den stupbratte og livsfarlige vegen  og han og traff menneskene som holdt til der oppe. De må nok ha lurt på hva dette var for en kar. Men det var svært sjelden det kom fremmede mennesker opp fra fjorden der nede.

Han fikk være der og arbeidet for husly og mat.  Han tok lange skiturer, ikke for fornøyelsens skyld, men for mat. Som regel dro han og de andre mannfolka etter reinen i de ville fjellene. Verald arbeidet hardt og det kom en vinter.  Verald kunne av og til bli fjern, de så ikke tårer hos han, men de trodde han gråt. Han sa ikke noe, den røslige karen, men han kunne arbeide.

200 år senere går det fortsatt folk oppover her.

Det kom vår og snart var det sommer.  Ett år var gått.  Det var onn på Kjeåsen. Plutselig ble de var en kvinne som kom opp fra den stupbratte stien.  De ble stående som forsteinet. Så reagerte Verald.  Det var Anbjørg, Anbjørg, ANBJØRG !  Hun hadde funnet sin Verald.  Hun hadde trosset alt, hun hadde funnet sin store kjærlighet , hun trosset absolutt alt – hun hadde klart det ikke noen andre kunne klare – bortsett fra den store kjærligheten. Hun hadde trosset det villeste landskap. Hun som hadde bare sett flate Danmark. Nå fikk hun gå der hun ikke fattet at noen kunne gå.

Og på Kjeåsen ble de.  Verald fikk bygget ei stove. Der bodde de.  De to fikk en sønn som fikk bare bli noen få år.  Han falt tragisk utfor stupet og slo seg ihjel.  Og der stanser fortellingen om Verald og Anbjørg.  De dro fra Kjeåsen i sorg.  Ingen vet hvor de ble av. Men ennå skal det være rester av grunnmuren til Verald og Anbjørg på Kjeåsen.  Og ordet etter kjærligheten deres lever den dag i dag.  Mer enn 250 år etter at det skjedde.

Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal