Kven er ”ho der” Sunnhordland?

Frank Abelseth nr. 2 - 2019

Frisk, ekte og spanande er tre ord som skildrar Sunnhordland på sidene til visitsunnhordland. Men kven er ho?

Ser du f.eks. på naturen har du heile spekteret i slekta. Frå det spektakulære øyriket, holmar og skjær, til tindane og breen som møter havet.

Eller han om du vil? Det er nok mange ulike meiningar om det, men noko må vel gå igjen som ”identitet”?

Ho der Sunnhordland har sett til verda 8 aktive, kloke og vakre born.

Det er Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.  Alle har vakse opp til å bli attraktive ”personar” som verkeleg står på eigne bein, og gjer sitt beste for at heile slekta skal vera ein sterk del av framtida. Sjølv om dei også har sin eigen identitet, og ulike naturlege forutsetningar, er det også mykje som er likt. Men det som kanskje er det viktigaste er at dei utfyller kvarandre og blir endå meir attraktive som Sunnhordland enn som enkelteståande ”born”.

Ser du f.eks. på naturen har du heile spekteret i slekta. Frå det spektakulære øyriket, holmar og skjær, til tindane og breen som møter havet. Alt kan familien Sunnhordland tilby, og med korte avstandar. Det er faktisk slik at avstand-ane også kunne vore større, då kvar einaste transportetappe er ei fryd for alle sansar. Det Sunnhordland kan tilby er det svært mange som fortsatt ikkje veit om. Mange hadde fått eit endå rikare liv om dei vart godt kjent med heile slekta Sunnhordland.

Har den gode utsikta frå heile Sunnhordland påvirka utviklinga?

Det er ikkje vanskeleg å registrera at heile slekta Sunnhordland har vore og er gode på å sjå ut i horisonten og inn i framtida. Det handlar om fiske, skipsfart, livbåtar, olje-installasjonar, grønn teknologi og mykje meir. Det er ikkje berre seg sjølve Sunnhordlendingane har livnært og bygd opp, det er heile landet. Ja heile verda. Mange av oss andre i kongeriket sit ofte å ventar på at Sunnhordland skal gå føre. Finna opp nye måtar å gjera ting på og nye produkt og tjenester me kan leva av.

Me som ser det litt utanfrå er sikre på at alle desse turane på sjø og land, ofte krydra med fantastisk utsikt frå ein topp, har skapt mange idèar og visjonar. Me er sikre på at dersom me møter personar som skundar seg heim frå ein tur, er det ein Sunnhordlending på veg heim for å setja idèar frå turen og utsikta ut i live snarast mogleg. Frisk luft, nydeleg natur og god utsikt har skapt mange arbeidsplassar.

Då sjøen var vegen

Før i tida var det sjøen som var vegen. No må sjøen dela transporten og kontakten mellom folk med ulike framtidsretta vegar og tunellar.

Det som sjøvegen har og fortsatt bidreg med er samhandel gjennom ulike sentrum, der butikkar og ulike små og store bedrifter gjer sitt aller beste for å halda liv i, og utvikla dei mange «borneborna» som har blitt til underveis. Dei har navn som Langevåg, Sæbøvik, Fitjar, Husnes, Rosendal, Leirvik og mange andre. Dei prøver på sin måte å skapa gode dagar og ei god framtid for seg og sine, samstundes som dei etter beste evne prøver å gjera heile slekta Sunnhordland endå sterkare og meir attraktiv. Dei treng ikkje gå langt for å finna gode idèar og inspirasjon. Dei lærer av mor si, bestemor si og dei andre i slekta.

Men kven er då ho der Sunnhordland?

Ja det var det. Det er nokre beskrivande ord som etter mi meining går igjen. Her har du dei eg meiner kjenneteiknar Sunnhordland’s slekta:

  • Imøtekomande
  • Initiativrik
  • Tek ansvar
  • Aktiv fritid
  • Sosial
  • Klok

No er heldigvis ho der Sunnhordland også gjestefri. Ho og borna tilrettelegg for at me andre skal få koma på besøk å oppleva alt det dei no kan tilby. Det gler me oss stort over. Så spre det glade budskap.

Me avsluttar med visjonen til Samarbeidsrådet for Sunnhordland:

”Saman for Sunnhordland – ei kraft for vekst og utvikling” skal synleggjera at kommunane står saman for at Sunnhordland skal vera ein sterk og framtidsretta region, som det skal vera interessant å arbeida, ta utdanning og busetja seg i.

Då er det opp til etterkommerar og vener å gjera vårt for at dette skal skje. At me gjer vårt beste for å vera ho der eller han der Sunnhordland så ofte me kan, og på beste måte.

Takk for at eg får vera Sunnhordlending sånn av og til.

Med venleg helsing

Frank Robert Abelseth 

Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank