Kvinnherad Energi sin strategiplan

Sigurd Vikøren

Naska solbriller, gi attraktive stillingar til kompisar, ha fleire bu-adresser samstundes,
 juksa med masteroppgåva, ha ektefelle som (innside)handlar med aksjar.

Kvinnherad Energi sin strategiplan

Estimert lesetid 2,25 min.

Mest ikkje til å tru, men til all lukke vart det avslørt at snusk var ein utbreidd kultur i politiske kretsar. Forkastelege haldningar, «det er ikkje så nøye, det går sikkert fint, ingen vil oppdaga det». Dette er skumle haldningar langs ein veg der endestasjonen heiter Anarki. Resultatet vart heldigvis at dei som er avslørt har fått kjenna på at det å ta seg til rette, er i dag slett ikkje greitt, heller ikkje for politikarar.

I 2005 var slike lettvinte og snuskete haldningar kanskje meir vanleg? Politikarane i Kvinnherad frå den tida har i alle høve ei sak på sin CV som er graverande.

Kommunestyret i Kvinnherad utvida kraftverket sitt i Hattebergdalen med eit prosjekt som Stortinget to gonger sa nei til. Fyrst I stortingsproposisjon 118 (1991-92), så i Stortingsmelding 23, (2002-03) og Innstilling S nr. 257.

Om det utvidingsprosjektet som likevel er gjennomført i Hattebergdalen, skriv MD i brev til OED. «En utvidelse som vil påvirke nasjonalt viktige natur-, landskaps-, og kulturverdier i en slik grad at vi vil fraråde at det gis konsesjon». 

Stortinget understreka i sine dokument at prosjekt i eit verna vassdrag, som påverka verneverdiane, uansett ikkje skal gjennomførast. Stortinget vurderte i tillegg at skadeverknadane av prosjektet i Hattebergdalen er større enn fordelane. 

Slike prosjekt skal ikkje få konsesjon, noko prosjektet heller ikkje fekk, søknad vart avvist av fleire statsrådar. Fyrst av Olav Akselsen og seinare av Einar Steensnæs. Begge viser til at Stortinget ikkje har opna for utviding av kraftstasjonen.

Å likevel gjennomføra denne utvidinga i Hattebergdalen utan konsesjon, var å bryta norsk lov. Med heimel i Forvaltingslova § 28, hadde statsråd i OED, Einar Steensnæs pålagt alle søknader i Hattebergdalen konsesjonsplikt.

Var det då slik at 2005-politikarane i Kvinnherad også «tok seg til rettes»? Er det då slik at vurdert i dag, så er dette slett ikkje greitt? Kva bør i så fall konsekvensen bli?

I forslaget til ny strategiplan, skal Kvinnherad Energi fortsetja med kraftutbygging i Hattebergdalen, denne gongen utan å koma i konflikt med verneverdiane, i fylgje styreleiaren. 

All kraftutbygging i eit vassdrag som er varig verna mot kraftutbygging er i konflikt med verneverdiane. Sjølv styret i Kvinnherad Energi burde forstå det.

Det må vera lov å tru at politikarane i Kvinnherad i 2024, er kome eit steg vidare, og ikkje vil fortsetja med sin tvilsame aktivitet i eit varig verna vassdrag? 

Det som i 2005 var mogleg å få til gjennom ein snuskete bak-kanal, kan ikkje vera aktuelt å vidareføra i dag. Litt respekt for varige verdiar må det vera lov å venta, verdiar som vi gjennom vern, har testamentert til våre barneborn og deira barneborn. 

I dag kjempar kvinnheringane for å ta vare på sine verdiar. I Mauranger og langs Blåelva er kampen å få ein økonomi som står i høve til kva vi gjev frå oss. Mot vindmøller, kraftlinjer og kraftutbygging i varig verna vassdrag, er det ein kamp for å ta vare på restane av naturen vår. Skal vi vinna desse kampane må vi stå saman.

Då kan vi ikkje ha ein strategiplan i Kvinnherad som vil ha meir kraftutbygging i det varig verna Hattebergvassdraget.

Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank

Er bonden din ven?

Kvifor er maten ekstremt dyr, samstundes som bonden ikkje kan leva av å produsera mat?