Leif Ove Andsnes

Sigurd Vikøren

Kjenner det er litt fint å seie namnet, det kjennest positivt og minner utan tvil om musikk. Ikkje berre om musikk, men om kvalitetsmusikk, frå aller øvste hylle.

ROSENDALFESTIVAL
Foto: Liv Øvland

Det er nok ikkje heilt sikkert at alle vi andre forstår heilt kva status denne trivelege karen frå Karmøy har innan musikk, world wide. Sjølv om musikken har litt andre parameter snakkar vi meir om status som ein olympisk meister. Vi tenkjer ofte at heider frå folk som kjenner din eigen bransje er det heilt optimale. Folk som verkeleg forstår kva som ligg bak. Legg vi til grunn rosen denne karen får frå sine eigne, så er definitivt Leif Ove olympisk meister, minst.

Leif Ove Andsnes, er fødd i Stavanger, 7. april 1970 og vaks opp på Karmøy. Han er sambuar med Ragnhild Lothe, som er hornist i Bergen Filharmoniske Orkester. Paret har tre barn, Sigrid som er født i 2010, og tvillingane Erlend og Ingvild født våren 2013. Familien er busett i Bergen.

Leif Ove har i 30 år hatt nære relasjonar til vårt område, med base på Baroniet Rosendal.
-Korleis starta heile denne symbiosen mellom deg og Baroniet, Leif Ove? Meiner eg kan hugse at vi hadde ein fin frukost saman, i kjøkenet på Baroniet, ein eller annan gong tidleg på 90-talet.

-Ja, eg hugsar også det, seier Leif Ove. Eg var på Baroniet fyrste gong sommaren 1992. Besøket gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og gav meg mange sterke og gode kjensler for staden. Likevel gjekk det av ulike årsaker tre år til neste gong. Men då eg kom attende i 1995 vart det snart klart for meg at her må eg ein tur kvar sommar, her er det ro og godt å vera. Her trivest eg og kjenner meg vel.

Gjennom heile året opptrer eg stort sett i store konsertsalar, så konsertane på Baroniet i den røde og gule sal gav meg ei heilt annleis oppleving. Det var på ein måte som folk kom inn i mi eiga stove, der vi sat tett saman og eg kunne snakka med folk og spela litt. Likevel kjente eg det alltid som ei høgtid å spela på Baroniet, der eg absolutt alltid hadde ynskje om å gjera mitt aller beste. Samstundes kunne eg prøva ut ting som eg hadde planar om å bruka seinare. Slik utvikla eg min eigen karriere på mange måtar hand i hand med prosessen som vertskapet på Baroniet har stått bak, gjennom å utvikla Baroniet Rosendal til det kraftsenter og kultursentrum det er i dag. Å vera ein del av konsertar, utstillingar og teater på denne fantastiske staden, har vore utviklande og viktig for meg, seier Leif Ove, og eg kjenner på at han verkeleg meiner det..

Leif Ove Andsnes

-På eit tidspunkt dukka det opp ein vill ide om ein konsertsal i det gamle saue-fjøset. Anne Grete og Reidar spurde meg om råd rundt temaet akustikk. Min kompetanse på det området var heller beskjeden, men eg hadde kjennskap til folk som var dei flinkaste på området.

Magne Skålevik som driv med akustikk, vart med inn til Baroniet nokre turar. Ynskje om topp akustikk som skulle fungera til alle ulike evenement, store konsertar, rolege middagar var krevjande. Akustikken skulle liksom passa til alt som var heilt ulikt.

I alle høve er eg glad for å ha vore ein liten del bak at Baroniet Rosendal i dag har det aller beste som finnest av digitale lydanlegg med ein eventyrleg akustikk. Bygd opp med ein masse små mikrofonar over heile lokalet som gjev eit heilt fantastisk lydbilete. Om det er ynskjeleg, så kan du med berre eit taste-trykk på ein I-pad slå av heile systemet.

Plutseleg hadde Baroniet ein sal med ikkje berre kapasitet, men og med kvalitet. Det var noko heilt nytt. Når eg då fekk spørsmålet om eg kunne tenkja meg å vera med på å gjera noko der, kjente eg med ein gong ei sterk sitring mot at det har eg veldig lyst til.

I 2016 førebudde vi oss på festivaldebut, samstundes mangla salen viktige delar som ikkje var heilt på plass. Trur kanskje Reidar sov litt dårleg eit par netter, men vi landa prospektet og medan handverkarane gjekk ut eine døra kom kammermusikantane inn den andre. Endeleg var vi i gang.

Rosendal Kammermusikkfestival skal vera ein kvalitets festival, på aller høgaste nivå. Samstundes skal det vera ein festival for alle, ikkje minst ein festival for lokalmiljøet. Veldig kjekt med folk frå musikkmiljø verda over som kjem til Rosendal, men for meg blir det aller viktigaste at dette blir vår festival.

Denne festivalen er blitt svært viktig for meg, og eg kjenner i år på at no er vi back in business. Koronaen tok også oss, og i 2020 var det ikkje festival. I 2021 var det litt festival med masse restriksjonar. I fjor var vi attende, men det er fyrst no i år, eg kjenner på at vi verkeleg er på gong.

Festivalen begynne å bli godt etablert og vi har absolutt vind i segla. I år må eg seie at eg er verkeleg stolt over musikarane eg har fått med meg. Dei er nok på eit enno høgare nivå enn nokon gong.
Festivalen sitt fokus i 2023 er Johannes Brahms, då er vi midt i den tyske romantikken. Vi kan vera rimeleg sikker på at denne musikken har vore framført på Baroniet før.

Vi som driv med musikk berre elskar å spele Brahms sin musikk. Eg gler meg noko frykteleg, seier Leif Ove, med trykk på frykteleg. Til slutt vil eg gjerne peika på ein heilt spesiell konsert på laurdagskvelden. ZRI «Zum Roten Igel» eller på norsk, Det raude pinnsvin, kjem til å laga eit sabla liv, trur eg. Ensemblet har teke same namn som vertshuset der Brahms gjekk, ikkje minst når han ville finna inspirasjon i folkemusikken.

Leif Ove Andsnes

Folkemusikken har også sterke røter hos oss, difor vil eg spesielt invitera til denne konserten, der musikken vil vera slik musikken vart framført på kafear i Tyskland på Brahms si tid. Ikkje gå glipp av denne godbiten.

-Tusen takk til Leif Ove, som i ein travel kvardag på den internasjonale arena, likevel prioriterte ein liten prat med Hardangerfjordmagasinet.

Bli med då vel, på vertshuset Zum Roten Igel, lokalisert til Riddersalen laurdag 12. august klokka 22. Det blir ei oppleving du seint vil gløyma.

Sjekk kulturprogrammet til Rosendal Kammermusikkfestival, billettar er for sal til alle konsertane.
På linken finn du også alle andre konsertar, utstilling og teater på Baroniet sommaren 2023.

Det er berre å gle seg.

Vi snakkast!

Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal
Moster 1000 2024
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.