Mauranger 2

Sigurd Vikøren

Torsdag 19. sept. Skal kommunestyret i Kvinnherad ta stilling til Statkraft sin søknad om konsesjon for Mauranger 2.

Torsdag 19. sept. Skal kommunestyret i Kvinnherad ta stilling til Statkraft sin søknad om konsesjon for Mauranger 2.

I artikkelen om «Vår arv og kapital» skriv  Hardangerfjordmagasinet at ein stor auke av effekt ikkje vil gi Kvinnherad inntekter som speglar dei naturverdiane vi skal gje frå oss. 

Før kommunen får forsikringar om inntekter  som rettferdiggjer inngrepa i naturen, må svaret frå kommunestyret bli eit klart nei. At Statkraft finn det lønsamt å investera 4 milliardar, seier noko om kva verdi Mauranger 2 har for Statkraft.

Skal vi byta enno meir av realverdiane (naturverdiane) våre mot papirverdiar må mykje større verdiar liggja att lokalt. Slik reknestykket ser ut no kan sjølvsagt ikkje kommunestyret i Kvinnherad slutta seg til å gi konsesjon.

Administrasjonen meinar at Kvinnherad ikkje kan gje tilslutning til konsesjonssøknaden slik det økonomiske vederlaget ser ut til å bli. Difor tilrår kommunedirektøren at kommunestyret må motsetje seg den omsøkte utbygginga og seie eit klart nei, før ein god avtale om økonomi er på plass.

I saksutgreiinga skriv administrasjonen:

Det openberre misforholdet som Statkraft sjølv har avdekka mellom kva Kvinnherad kommune vert beden om å gje frå seg av verdiar og kva kommunen både på lang og kort sikt vil sitje att med, legg ei plikt på kommunestyret til å motsetje seg den omsøkte utbygginga. 

I Hardangerfjormagasinet er vi spent på om kommunestyret har ryggrad nok til å markera seg og fylgja opp administrasjonen si innstilling.

Gi ditt råd til kommunestyret:
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal

Mauranger 2

Torsdag 19. sept. Skal kommunestyret i Kvinnherad ta stilling til Statkraft sin søknad om konsesjon for Mauranger 2.