25 år sidan NRK feira 17. mai i Rosendal!

Sigurd Vikøren

17. mai toget på veg frå Kvinnherad kyrkje

På den tida var vern av Hattebergvassdraget ei av dei lokale sakene med engasjement. Frontane var skarpe, og mange meinte mykje om vassdrag, fossar og ikkje minst Baroniet si sentrale rolle oppi alt dette. Dei mest engasjerte både høyrde, les og oppfatta stort sett det dei ville, det som passa inn med eige syn. Å leggja godviljen til var ikkje alltid det mest dominerande.

Formannen i 17.mai-komiteen stod sentralt i desse natur- og kultursakene, som leiar av Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget. Mange var redde han ville nytta talarstolen han plutseleg fekk, til å løfta fram sitt syn på desse sakene for millionar av TV-sjåarar.

Mange gav formannen alvorlege førelesingar om at no måtte 17. mai feirast slik det alltid hadde vore, og at ein absolutt ikkje måtte endra dagsorden. Baroniet var ikkje ein del av 17. mai til vanleg og slik måtte det vera no og.

Samstundes hadde NRK klare krav om kva dei ville ha. Krav om kva som gav dei beste TV-bileta og kva bodskap dei meinte ville ha appell og bidra til ei flott 17.mai-sending. Å presentera Rosendal utan Baroniet var heilt utenkeleg.

Der stod då formannen i 17. mai komiteen. Lokalt var han kanskje ikkje mest kjent som fredsmeklar og brubyggjar, men no skulle han plutseleg vera meklar i ein situasjon med svært sterke meiningar. For formannen var det heilt sjølvsagt at vi måtte finna ei god løysing slik at dei fleste vart rimeleg nøgde. Dei eg fortel om her er då sambygdingane mine, folk eg er glad i, alle som ein.

Vi hadde tidlege møter med NRK og synfaring på ulike utsiktspunkt m.m. Vi lufta innspel som kom og til slutt enda vi opp med eit produkt som 17. mai komiteen hausta fagnad for både frå NRK og dei fleste lokale. Sjølv om nokon meinte vi ikkje burde drege eit stort flagg opp på Malmangernuten, det var då ingen tradisjon for det.

Hardangerfjordmagasinet tenkte det kunne vera kjekt å sjå attende på feiring av siste 17. mai på1900-talet og sjå om folk vi kjenner har endra seg på 25 år! Her er det berre å kosa seg. Peik med musepila nede på biletet, så kan du velja ut det du vil sjå. Du må gjerne koma med kommentarar på facebook.

Fleire som ikkje lenger er til stades i vår tid er med på opptaka. Det bør du kanskje vera budd på, men vi minnest dei med gleda og gler oss over kven dei var.

PS! 17. mai i Rosendal inneheld i min oppvekst mykje tradisjon, som i dag ser ut til å vera heilt gløymt. Den aller største «synda» er at arrangementet på «ettermiddagen» er flytta frå Hestasletto. Har ikkje høyrt eit einaste argument som er i nærleiken av å forsvara eit slikt brot med tradisjonane!

God 17. mai!

Klikk her for å se «17 mai i Rosendal 1999»

Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank