Slåttekaren Konrad!

Sigurd Vikøren

På nokre områder går verda framover. Ingen krav om meir løn, jobbar lett lange dagar, krev ikkje fri om sundagen eller ferie. Drikk ikkje øl, spelar ikkje høg musikk. Konrad, absolutt ein likandes kar.

Plenklipper

Om eg ikkje hugsar heilt feil så var det få ting i heimen, då eg var gutunge, som hadde større potensiale til konflikt, enn klypping av plen. Å ha plen framfor huset som skulle vera kortklypt, fjong og god til å gå berrføtt på, var noko nymotens tull generasjonen som etablerte seg i etterkrigstida fann på. På slutten av 50- og inn på 60-talet var ein periode då heimen vart fylt opp med alle slags nye duppedittar.

Om vi held oss til grasklypparen, så var den sjølvsagt utan motor. Eg var motoren og var graset litt langt var det ei god økt med styrketrening å slå plenen. I min kvardag mellom 10 og 15 år var det ikkje akkurat den type aktivitet som stod aller øvst på køyreplanen etter skulen.

Far min hadde likevel bestemt at eg skulle klyppa plenen, og det skulle vera gjort når han kom heim frå jobb. Dette var ikkje noko demokratisk fleirtals-vedtak, og hadde heller ingen påklage-rett eller ankeinstans. Det var å forstå som ein militær ordre, der det lett kunne enda med straff om ikkje ordren vart utført.

Problemet var at du fort kunne gløyma deg ut. Fotball og diverse andre aktivitetar var mykje kjekkare å driva på med. Då kunne tida eskalera og logistikken bli satt på harde prøver. Salderingsposten vart lett klypping av plen.

Sjefen for konfliktrådet, mor mi, såg på klokka kva veg det gjekk. Snart var arbeidsdagen slutt, og den håpefulle var ikkje å sjå nokon stad. Både kravet til konfliktløysing og å halda på god stemning i heimen var mammo sitt bord, her hadde ho utvikla svært god kompetanse.

Aukande trussel om konflikt tilsa at det enklaste var at ho, mor mi, klypte plenen. Då var far min nøgd og gav meg skryt for vel utført jobb. Eg er mor mi stor takk skuldig, det var hennar forteneste at eg stort sett slapp unna straff. Sanninga kan bli offentleg no, for ordrenekten er forelda. Det høyrer og med til sanninga at vi ikkje snakkar om eit eingongstilfelle.

Du trudde kanskje at desse nye slåttekarane berre er noko halvfeite, late, gamle menn driv med i urbane og bynære strok? Å nei du, dei er like utbreidde i dalstroka innanfor, der møkalukta i periodar heng så tung mellom fjella at augo svir og renn. Pollonallergi blir reine småguten.

Det er den nye slåtte-adelen som er ansvarleg for å forureina lufta i store delar av landet. Slåttekaren Tormod køyrer aldri ut noko som svir i augo. Adelen derimot, før dei finn fram slåmaskina fraktar dei ut tusenvis av lass med illeluktande vidareforedla gras, attende der graset opphavleg kom frå.

Det har runne mykje vatn i havet sidan bonden var ute med langorven tidleg på morgonen medan det enno var slåtte-dogg. Dei som har ansvar for slåtten i dag kan gjerne vera tidleg oppe. Elles er det lite som minner om bonden sin kvardag frå den tida då eg klypte plen.

Graset som slåtte-adelen ikkje kan slå, sitjande på ræva i svære traktorar, med topp 40 på full guffe inne i førarhuset, det vert ikkje slege.

Frå sentralen i traktorhuset kan dei samstundes sjekka på dataskjermen graset si vidare ferd inn i fjøset og gjennom kua. Slik forsikrar dei seg om at syklusen syt for at graset når den konsistensen at det kan køyrast ut på bakkane att. Når siste lass med nyslått gras er køyrt inn, blir den resirkulerte massen køyrt ut att. På engelsk heiter det «The never ending story!»

Det einaste adelen ikkje sjekkar er lukta, det overlet dei til oss.

Vi slår likevel fast at slåtte-adelen stort sett er likandes karar, jobbar lett lange dagar, krev ikkje fri om sundagen eller ferie? I alle høve ikkje i sesongen. Om dei ikkje krev meir i løn, eller drikk øl, er eg meir usikker på.

Men denne dritlukta må dei få gjort noko med.

Juni 2021

Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Moster 1000 2024
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.