Språket vårt – vakkert som ei rose!

Sigurd Vikøren

Ei gåve som gjev oss høve til å vera heilt presis med vår bodskap. Språket fortel kven du er.
 Det er inn i våre dagar med alt som er kortreist. Kvifor er det ikkje heilt slik med språket vårt?

Rose

Poenget mitt er ikkje å ta nokon med buksa nede, men no er det på høg tid å skjerpa seg!

Ein fantastisk sommar går mot slutten. Snart er det tid for evaluering av tilboda vi har gitt våre gjester. Er vi nøgde med vår rolle som vert?

I avisene har det vore fokusert på at vi har hatt rekordbesøk. Om vi hadde tilgang på folk som ville jobba kunne vi faktisk hatt enno fleire gjester.

I dei fleste høver får den pågåande pandemien skulda for at vi hadde lite personell tilgjengeleg, noko som har gjort sommaren krevjande for mange. Når vi no ser slutten på pandemien så løyser nok desse utfordringane seg.

Men vi har ei anna stor utfordring som ser ut til å vera aukande, og her kan vi ikkje skulda på covid 19. Vi slit med ein heilt annan pandemi som definitivt ikkje går mot slutten, tvert om. Sommaren har dokumentert at å bli kvitt denne pandemien vil bli krevjande. Her skulle vi gjerne hatt ein effektiv vaksine.

Samfunnet endrar seg, difor endrar språket seg over tid. Men det som skjer i aukande grad lokalt er noko heilt anna. Ikkje noko naturleg endring av språket, men at mange av oss tek ukritisk i bruk eit anna språk. Alt for mange langs Hardangerfjorden kommuniserer meir eller mindre målmedvite til kundane sine på bokmål.

Er det fordi vi ikkje forstår verdien av å ta vare på det originale språket vårt, kommunikasjonsplattforma vår? Ein grunnleggjande viktig del av vår historie, tradisjon og kultur.

Å marknadsføra seg her hos oss på bokmål er ikkje naturleg. Bokmål er ikkje det ekte språket her hos oss. Folk på sentralt Austland ville reagert negativt om dei vart marknadsført på nynorsk? Dei vil ikkje oppleva det som sitt ekte språk.

Skal vi formidla lokal kultur og natur blir det heilt feil å gjera det på bokmål. Det blir ikkje ekte
og det er vel det ekte vi ynskjer å formidla? Naturen, kulturen, maten, tradisjonen blir berre heilt ekte når det vert presentert gjennom vårt eige språk.

Du serverer ikkje komla med béarnaise-saus, eller pinnekjøt med spagetti.

Det er alt for mange tekstar i lokal marknadsføring som ber preg av at dei kanskje er skrivne etter ein lang kveld med rikelege mengder raudvin? Då blir ikkje resultatet alltid like bra når sola står opp.

Når språket er feil leverer vi eit dårlegare produkt, eit produkt som ikkje er ekte. Du vil ikkje velja ein sjølvlærd forskalingssnekkar til å laga kransekaka til bryllaupet ditt.

Vi må skjerpa oss. Kommunen må stilla krav når dei deler ut store beløp til marknadsføring.

Dårleg språk byr imot, som når du kjøper frukt og finn mygla produkt i botn av korga..

Språk og dialekt er ein viktig del av vår identitet. Når vi endrar på dette er vi ikkje lenger ein ekte
representant for vårt lokalmiljø. Ta eit møte med deg sjølv, gjerne framfor ein spegel. Mykje av det vi serverar er alt for dårleg. 

Skal du ta vare på noko verdfult og ikkje har eigen kompetanse, då tingar du ein handverkar, ein som kan faget. Kanskje vi skulle gjera det når det gjeld marknadsføring? Det trur eg vil vera ei god investering.

Ha ein fin haust.

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Moster 1000 2024
Aktiv Eiendomsmegling
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.