Tru, håp og kjærleik!

Sigurd Vikøren

I Paulus sitt fyrste brev til Korintarane, finn du ein av Bibelen sine grunnsteinar. Kva var vel livet utan tru, håp og kjærleik? Kanskje er det ekstra mange som kjenner på slike tankar i desse tider?

Når du har sakna noko lenge, kjenner du vel at det du saknar er viktig for deg. Saknet gjer deg såleis meir målmedviten på kva som verkeleg betyr noko for deg.

Her har koronaen med sin negative aura, bidrege til noko positivt. Vi er blitt meir målmedviten om kva vi saknar, kva som betyr noko for oss.

Saknet kan vera mange ting. Størst er sjølvsagt saknet av eller etter kjærleik. Men så kan vi ha kjærleik knytt til mange ting. Stader som gjev oss positiv energi, stemning som får fram dei gode kjenslene i hugen vår. Ting som er til inspirasjon for oss.

Gode opplevingar som betyr noko for oss, i lag med andre som vi trivest med og bryr oss om, er vitalt for folk og vårt sosiale samhald. Det gjev oss styrke, samkjensle og utviklar god empati.

Ei oppleving som er og har vore viktig for mange rundt Hardangerfjorden, er sommarkonsertane på Baroniet Rosendal. Siste konsert var sein sommar 2019, noko som betyr at slike opplevingar har blitt eit sakn for mange.

Men no kan vi snart gjera opp status, for saknet – lengten – håpet – vona – trua. Pandemiens vaktar, Abid Raja, kulturministeren med hårsveis utforma av vindkast frå syd-aust, har lova å opna litt, slik at saknet vårt går vidare frå håp og tru, til kjærleik og glede, denne kjensla som er størst av alt.

Vi gler oss – vi gler oss – vi gler oss so inni……….. Det blir konsertar på Baroniet, allerede no i sommar, halleluja, ja og amen!  

Kven er betre eigna til å opna sommarfesten enn Claudia Scott, artisten som slektar frå Rosendal og husmannsplassen Treo, som du i dag kan sjå husa frå, mellom Baroniet og Hattebergelva. Oldemor til Claudia var ekte Rosendeling og heitte Martha Hatteberg.

Martha gifta seg med Ola Teigland frå Øystese. Såleis vil eg tru at Hardangerfjorden har spelt ei sentral rolle då kjærleiken kryssa fjorden også på 1800-talet. Claudia Scott ein etterkomar frå kjærleik på begge sider av Hardangerfjorden, ein artist rosa av kritikarar, som vi gler oss til å møta på Baroniet Rosendal, den 7. juli!

Alt har ein ende, pølsa den har to, Covid har kanskje 19, måtte dei berre forsvinna alle 19, for evig og alltid. Kjenner på meg at det hadde vore heilt greit for meg.

Mai 2021

Kom i konsertmodus, høyr -A picture of My Dad and I – Frå albumet Let The Ribbons Fly, 2016.

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Moster 1000 2024
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.