Vaksinen vår!

Sigurd Vikøren

Gurine med musikklaget om bord kan vera eit bilete på alternativ og korona-sikker 17. mai feiring. Likevel går premien til dei som gjer andre val.

Gurine
Foto: Sigve Naustdal

Dei som vel å samlast til utagerande feiringar på 17. mai eller samlast rundt religiøse hendingar.

Eigentleg hadde eg lyst til å skriva om vurderingane som ligg bak. At mange, kanskje dei aller fleste av kommunane rundt Hardangerfjorden må gje frå seg vaksine-dosar til sentralt Austland.

Eg har absolutt talerett fordi eg er vaksinert. Men at regjeringa no skal ta vaksinen frå kjærasten min og gje han til nokre jyplingar på Austlandet, fordi vi er best tent med det. Det gjev meg sterk kløe i tastaturet.

Då eg les gjennom det eg hadde skrive, så bestemte eg meg likevel for å «skrota» heile greia. Det vart for mykje negativt. Tidlegare har eg kritisert media og skribentar for å ha for mykje fokus på negative saker. No hadde eg plaska meg langt ut i den myra sjølv.

Difor skiftar vi fokus. Sjå på biletet på toppen så veit du at vi har mykje å vera takksame for. Denne pandemien har vist oss med solid dokumentasjon, at å leva her vi bur, er å hausta frukter av å ha trekt  vinnarloddet.

No har dei fleste fått nytt syn på heimekontor og alternative løysingar for både arbeidsliv og kva som er viktig elles i livet. Kommunar som kjenner si lagnadstid, kan no dra nytte av alle godsakene vi kan tilby rundt Hardangerfjorden. Dei er svært godt synlege i desse tider, bruk dei for alt dei er verd.

Når vi skal gjera opp status etter pandemien, trur eg mange i sentrale stròk vil vera interessert i å sjå kva samfunnet rundt verdas mest sjarmerande fjord har å tilby.

At austlendingane treng hjelp av oss for å få orden på livet sitt får vi ta til etterretning. Det ville berre teke seg betre ut om det ikkje vart framsett som eit krav.

Er du flink nok med ord, så kan du vedta det du vil og argumentera godt for det. Problemet som kan gjera deg litt kald på ryggen, er at du kunne vedteke det stikk motsette og argumentert like godt for det. Vinkling frå ordkunstnaren er mykje viktigare enn fakta.

Konklusjonen om at vi er best tent med at andre blir vaksinert før dei vi har kjær, får meg til å tenkja på ein gamal historie om to karar som var på telttur. 

Dei vakna av at ein svær grizzly-bjørn dreiv og reiv ned teltet og hadde skumle planar. Medan den eine av karane vart hysterisk av redsle, knytte han andre roleg på seg joggeskoa. -Trur du verkeleg du kan springa frå bjørnen når du får på deg joggesko? -Nei, men eg skal berre springa litt fortare enn deg.

Så mykje om likskapen mellom joggesko og vaksine.

Fjorden som ferdsleåre og kva folk langs fjorden tileigna seg gjennom tidene er gode dømer på kontinuitet, kunnskap og evne til å stå saman gjennom ulike tider. 

Prosjektet Gurine, systerskipet til den meir kjende Gjøa, fortel om historia vår. Prosjektet fortel og ein historie om kva vi saman kan få til i dag.

Mai 2021

Klikk her om du vil vita meir om Gurine og historie frå Hardangerfjorden.

Tysnes Sparebank
Moster 1000 2024
Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.