VAMP

Sigurd Vikøren

Eg kom ruslande gjennom Strandgato, frå sør, i heilt rett tid for daten min med Øyvind Staveland, sjølvaste mister Vamp. Vi skulle treffast heime hos dottera til Lothe, ho som held til rett ved sida av Risøybrua, midt i hjarta av Haugesund. 

Dagen gjekk mot slutten denne torsdagen midt i mars, værmessig absolutt ingen «høydare» for minneboka. Vinteren meinte sikkert han enno hadde noko han skulle sagt, så han delte raust med meg, av kaldt regn og 2-3 småsure celsiusar. 

Vamp, denne musikalske skatten som har gleda så mange, gjennom meir enn 25 år, var temat vårt. Historien, musikken og tekstane, minnerike opplevingar og ikkje minst litt om sommaren 2023 då Vamp har konsertar på Baroniet Rosendal, her i vår region.

Vamp er mellom dei finaste ting eg veit om. Vamp er kontrastar, tøffe og rørande, mjuke og harde, gjerne presentert i same konsert. Eg ser ikkje vekk frå at nøkkelen til suksessen ligg her ein stad, gøymt mellom kontrastane. Vakker musikk og tekstar som speglar livet vårt. «- Så takk skal du ha, kjære Gud, Eller kim du nå va? Du så fant opp dei finaste ting.»

Sjølv med hustrige våte grader ute og berre kaffi som drivstoff, fant vi likevel snart tonen. Med Øyvind sine forteljingar om musikken, tekstane og unike opplevingar med Vamp, vart både stemning og temperatur snart både varm og triveleg. Hugen vår var nok mykje meir retta mot varme sommar- kveldar i Baronihagen, enn dei 2-3 marsgradene, som vart servert ute på Risøybruo.

Etter eit lite akademisk kvarter med utveksling av viktig info, var vi så smått klare for målet med vår rendez-vous. Litt historikk er ofte ein god start, så då gav det seg mykje sjølv;  -Korleis starta dette eventyret om Vamp, Øyvind?

….. Det var ein gong ….. ein ung Øyvind Staveland som sat på Svalbard og skreiv på den ikkje heilt ukjente melodien til Tir`na Noir. Vel heime i Haugesund tok han kontakt med Kolbein Falkeid, gav frå seg litt tankar og spurte Kolbein om han kunne skriva ein tekst? Det var starten på eit fantastisk samarbeid og ein gryande oppstart på eventyret om Vamp.

-Personlegdomen til Kolbein Falkeid og hans evne til å læra meg/oss å ta tekstar på alvor. Det har vore ei sterk drivkraft og ein enorm inspirasjon. Det har på mange måtar vore heilt avgjerande for kven og korleis Vamp er blitt, seier Øyvind.

Kolbein Falkeid som budde i same huset som Øyvind Staveland på Lillesund, litt sør i Haugesund, var saman med Øyvind sjølve grunnlaget for ein av norsk musikkultur sine mest vellukka symbiosar.

-Etter kvart brukte vi mykje tid på å tråla i gamalt og nytt materiell hos Kolbein, for å sjå etter tekstar som kunne høva å skriva musikk til. Her vart det mykje prøving, prøving og atter prøving. På eit tidleg tidspunkt hadde vi bestemt av vi skulle syngja på Haugesundsdialekt. Vi meinte det var ein god ide for å vera meir truverdige. Kolbein Falkeid skriv tekstane sine på bokmål, noko som gav oss mange utfordringar med rimord som forsvann og tilpasningar som var krevjande.

Det var ein stor «berikelse,» då Jan Toft kom inn i biletet. Han skreiv mykje musikk, særleg i starten. Jan Toft var med i 8-9 år før han tok seg ein pause, for å gjera andre ting. Då han etter 13-14 år kom heim att, vart eg skikkeleg glad. Det var ein stor opptur for meg og for Vamp.

Vamp vart starta i 1991, seier Øyvind, så vi har no drive på ei stund. Det som undrar meg mest er at eg likevel etter meir enn 1000 konsertar, plateinnspelingar og mykje reising, ikkje på nokon måte kjenner meg trøyt. -Eg kjenner faktisk no på ei enno større glede med livet og Vamp. Vi er trygg på konsertar og eg kjenner ei stor glede over at dette har vi kontroll på, dette kan vi. 

Vamp! Eg smakar litt på namnet, eg likar det, tenkjer eg. Eit namn med smell i og når namnet Vamp dukkar opp, så veit du kven det er og kva musikk Vamp står for. Men kva betyr namnet? Som vanleg, spurde eg min ven Google? La meg seie det slik at etterpå, spurde eg Øyvind, kva betyr Vamp? -Navnet «Vamp» betyr i vår sammenheng en gjentagende melodilinje eller akkordrekke, svarar Øyvind, så då veit vi det. På alle måtar, eit veldig bra namn.

Vamp har mange flotte tekstar! -Ja, seier Øyvind, vi tenkjer kontrastar, jobbar mykje med regi, teknikk og strekkjer oss etter kvalitet. Balansen mellom skjemt og alvor speglar sjølve livet. Alvorlege tekstar om lengsel, saman med vakker musikk, er godt for sjela, seier gründeren av Vamp, på ein måte som ikkje etterlet noko tvil om at han meiner det.

Mange av melodiane til Vamp, tenkjer eg, har med seg det som kjenneteiknar god musikk. Du får dei på hjernen og blir gåande å syngja dei heile dagen. Månemann, Ein liten fuggel og Tir n`a Nior er døme på slike melodiar. Før møtet med Øyvind, har eg høyrt mange gonger på «Det roliga regnet» filma i Baronihagen, og er blitt rett og slett heilt hekta.

Tekstane er i mange samanhengar smått geniale. Kven kjenner seg ikkje att i Ingvar Hovland sin tekst til Månemannen? Der natt og dag møtest og versa blir understreka med at Nå er det seint. Nå er det tidleg. Kven i denne verda er det som ikkje har eigne opplevingar knytt til meir eller mindre luguber aktivitet på denne tida av døgnet.

I songen om ein liten fuggel får vi realitetar frå livet presentert på ein ettertenksom, vakker og genial måte, gjennom teksten til Ingvar Hovland og Øyvind Staveland. Ikkje minst gjennom presentasjonen til Odin Stavland blir det tydeleg at Haugesundsdialekten eignar seg til slik framføring og at valet om å syngja på dialekt,gjev Vamp ein ekstra dimensjon.

Det fins ein klang
i malm og løv
som seie alt ska bli te støv.
Som nattens rov
ska alt bli glømt,
av denna lov e alle dømt.

Vamp har 5 spelemannsprisar. I 2007 vart Vamp heidra som årets spelemann! Vamp har gitt ut (her må du Øyvind retta) 17 LP 2 DVD 12 siglar og 1 samleplate. I september kjem ny plate. BREVET, for alle som ventar med lengsel etter ny musikk frå Vamp, så kjem no snart BREVET, som innheld nettopp det.

I sommar er VAMP på nytt å treffa på Baroniet, 3,4,5, august.

Takk for no Øyvind, det var triveleg. Til vi sjåast om ikkje så lenge.

Slik vart denne hustrige torsdagen i mars gjennom samværet med mister Vamp, likevel ein god dag for minneboka. I tillegg er eg overtydd om at vår rendez-vous hos dottera til Lothe, berre var ein liten apertiff, til det som skal koma seinare i sommar på Baroniet i Rosendal. 

-Eg har hatt så mange gode opplevingar på Baroniet, seier Øyvind! Vi i Vamp har spelt konsertar her med jamne mellomrom, både i Borggården og no, dei siste gongene i Riddersalen. Eg har og vore på Baroniet med Herborg Kråkevik og Kolbein Falkeid og ikkje minst for å vitja Anne Grete og Reidar. Vi gler oss stort til å koma attende i august.

Velkomen skal du vera, både Øyvind og Vamp – Eg gler meg masse til vi høyrest att.

Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling