Vår tid er no!

Sigurd Vikøren

Vi kan ikkje avgjera noko sjølve før vi er fødd, då går det meste på autopilot. Slik er det og etter vi har vandra vidare. Difor er det akkurat no som er vår tid.

Blomster i Hardanger

Å vitja spesielle stader, eller oppleva vakre ting, omtalar vi gjerne med at «-det må vi gjera før vi dør.» No kan du oppleva noko av det vakraste vi har, på ein spesiell stad nær deg. Det går mot fruktbløming i Hardanger. Kvart år i mai skjer dette underet som det går mange gjetord om.

Fyrst og fremst er det sjølvsagt denne fantastiske fruktblomen. Når den opptrer i samspel med ny-grøne lier, der tusenvis av ulike blomar i vakre fargar og variantar er strødd utover bakkane, blir Hardanger eit overveldande panorama. På gode dagar når all denne venleiken saman med snø-kledde fjell speglar seg i ein stille fjord, kan du bli reint religiøs.

Dette må du oppleva no, medan det enno er vår tid. Har du opplevd det før, veit du at opplevinga er magisk og at du gjerne vil oppleva det ein gong til. Har du ikkje opplevd bløminga i Hardanger blir det enno meir viktig å ha fokus på at vår tid er no.

Kanskje er epleblomen den aller finaste. I det Herrens år 2023 kan du smaka på sluttproduktet etter dei vakre epleblomane, rundt på gardane der heile symbiosen fram mot sider har funne stad. Ein symbiose av venleik og god smak som gjer deg lett i hugen. I tillegg vert opplevinga større når du kan vitja sidergardane og oppleva gamal kultur, og høyra historia om frukt og sider fortald av dei som sjølve er ein del av historia.

På nokre av gardane kan du få servert lokal mat saman med ein smak av Hardanger sin mangslungne kultur, toppa med sider i verdsklasse.

Carpe diem!

Vår tid er no!

Hardanger var vakker også i Kurt Foss og Reidar Bøe si tid.

Inn mellom fjordar og snøkledte fjelll
Ligger Hardanger så skjønn
Kveldssolen sender sitt siste farvel
Fyller alt inni en drøm

Når det blomstrer i Hardanger
Finst der ingen plass på jord
Som har slike vakre farver
Når alt står i blomsterflor
Mellom fjord og høye fjelle
Ned i dype dal og li.
Når det blomstrer i Hardanger
Er det atter sommertid

Tysnes Sparebank
Moster 1000 2024
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.