Vi må ha meir kraft!

Sigurd Vikøren

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

Hva mener du?

Slike store inngrep medfører naturleg nok lokal motstand mange stader. I vårt
område hadde vi for ikkje lenge sidan ein intens strid om monster-mastene i
Hardanger. I desse dagar er det stor usemje i Etne om ny kraftlinje gjennom
kommunen.

Statnett som har ansvar for dei store hovudlinjene i straumforsyninga, er no i
planleggingsfasen for ei ny 420 kV linje gjennom Kvinnherad. I
Hardangerfjordmagasinet kjem vi sikkert til å skriva mykje om dette.

Siktlinjene rundt Rosendal Baroni, kan bli sterkt påverka av nye kraftlinjer.

Før redaksjonen meiner for mykje offentleg om ulike sider om denne linja, vil vi
gjerne vita kva di meining om linja er?

Likevel, sidan det er kome fram nokre meiningar og råd i lokale aviser, vil vi gjerne
understreka nokre få viktige detaljar.

I Noreg har vi representativt demokrati. Det betyr at vi vel politikarar til å representera
oss, både i kommune, fylke og på Storting. Politikarane skal gjera sine vedtak på
vegne av oss som dei representerer.

I denne saka om ny kraftlinje er det våre representantar som til slutt skal bestemme
trase for kraftlinja. Statnett er fag-instans og har difor naturleg eit ynskje for trase.
men det er likevel viktig å understreka at dette berre er ein part sitt ynskje. Det er
ikkje Statnett som bestemmer kva trase denne kraftlinja skal fylgja.

Når det gjeld eit av alternativa, å leggja linja i kabel i fjorden, så er det ingen tvil om at
det teknisk er fullt mogleg, einaste «problemet» einskilde har peika på, kan vera at
det blir litt dyrare.

Når du har klikka på alternativet du ynskjer, (som er heilt anonymt) kan du gå attende
til facebook og skriva i kommentarfeltet dersom du vil gi meir uttrykk for meininga di.
Etter facebook sine reglar skal vi eigentleg ikkje oppfordra nokon til å dela vårt
innlegg. Skulle du sjølv derimot koma på at det hadde vore smart å dela, då likar
facebook at du gjer nettopp det, deler.

Vi kan vel vera samde om at vi gjerne vil at flest mogleg gjev uttrykk for si meining,
difor vil det ha stor verdi at så mange som mogleg kjenner til kvar dei kan gje til
kjenne sitt syn, på ny kraftlinje gjennom Kvinnherad.

Kva meiner du?
Moster 1000 2024
Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.