Ei togreise i Maurangerfjella

Sigurd Vikøren

Rednedalen der taubanen gjekk opp til tverrslaget.

Under utbygginga av Mauranger Kraftverk som blei påbyrja i slutten av 1960-åra, og kom i produksjon i 1974, blei det sprengt i alt ca 55 km tunellar. Denne beretninga omhandlar ei tog- og bilreise gjennom tunellsystemet som strekkjer seg frå Bondhusbrea i Kvinnherad og heilt til Kvangrøvatnet i Jondal.

Hausten 1972 fekk eg invitasjon av Herman Døhlen, dåverande anleggsleiar for Statskraft i Mauranger, om å vera med på togtur i Maurangerfjella. Ein gjeng på 8 – 10 mann starta i Rednedalen der me blei frakta i open vagge, hengjande på taubanen opp til tverrslaget, der den fæle ulukka skjedde eit par år tidlegare. Herifrå gjekk me inn til hovedtunnellen mellom Bondhusbrea og Mysevatn, vidare sørover køyrde me i ei skinnegåande køyregreie, stor open kasse med karmhøgd som nådde oppunder haka. Etter ca 5 km køyretur møtte me isen under brea. Her pågjekk det smelting av tunnel i blåisen vidare sørover, i håp om å finna elva. Me klatra her opp til «Vinduet» der me fekk nærkontakt med breoverflata, eit imponerande motiv.

Etter å ha sett oss mette på den krystallblå og glitrande brea, bar det nordover igjen mot Mysevatn. Herifrå og til Jukla-Aust måtte me bruka bil, då det ikkje var skjenegang her. Frå Jukla-Aust og  like til Dravdalsvatnet i Jondal, var det på nytt ei spennande togreise. Det var heller skralt med komforten om bord i vaggene slik eg hugsar turen og det er lite å fortelja om kva me såg, bortsett frå ei og anna lyspære som glimta til. Det galt for all del å halda seg fast og liggja lågt så ein ikkje nådde opp i takinstallasjonane, noko som lett kunne medføra at ein hadde fått så hatten passa. 

Ved Dravdalsvatnet slapp me ut i dagslys igjen og blei transporterte ned til Olastølen der me fekk servert rømmegraut og spekemat. Eg har diverre ingen bilde eller notat frå turen. Dette hende for vel 50 år sidan og eg hugsar ikkje lenger korleis me kom oss heim igjen, men heim kom me og kunne stadfesta at me hadde hatt ei spesiell og fantastisk oppleving.

Det blir nok lenge til neste tog går mellom Kvinnherad og Jondal.

Olav Birger Espeland, kommuneingeniør i Kvinnherad i dei hektiske åra frå 1963, under etablering
av Sør-Norge Aluminium og kraftutbygging på Folgefonna Vest.

19.04.2024

Aktiv Eiendomsmegling
Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal