Inviterar til 50-års feiring av Folgefonnanlegga 

Sigurd Vikøren

– Folgefonnutbygginga var eit pionerprosjekt.

– Folgefonnutbygginga var eit pionerprosjekt. For første gong vart det planlagt og bygd eit kraftverk som henta vatn frå ei isbre, seier regiondirektør i Statkraft Svein Ilstad. No inviterar Statkraft til ein open dag og feiring av fem tiår med kraftproduksjon i Folgefonnanlegga. 

Den 13. juni feirar Folgefonnanlegga 50-års jubileum ved Statkrafts administrasjonsbygg i Austrepollen. Sidan 1974 har kraftverka bidrege med 65 TWh fornybar energi, i tillegg til inntekter til vertskommunane. Regiondirektør Svein Ilstad og kraftverkssjef Vidar Riber i Statkraft ser fram til ein open dag med kulturelle innslag, mat-, kakeservering og boklansering. 

– Mauranger er kjend som Noregs første kraftverk som henta inn smeltevatn frå under ein isbre. No gler vi oss til å feire 50 år med kraftproduksjon ved Mauranger og Jukla kraftverk saman med lokalbefolkninga, seier kraftverkssjef Vidar Riber. 

Mauranger 2 blir Noregs tredje største 

I tillegg til å feire kraftverket sin 50 år lange historie er Statkraft i full gong med å planleggje for framtidas kraftbehov med Mauranger 2. Mauranger 2 er eit heilt nytt kraftverk som ved sida av det gamle, om det vertr bygd, vil bidra med både kraft og effekt i ein region med stor etterspurnad etter fornybar energi. 

– Mauranger 2 vil kunna bli Noregs tredje største kraftverk målt i installert effekt, og bidra med regulerbar kraft som kraftsystemet vårt er avhengige av, når sola ikkje skin og vinden ikkje blæs. Vi ser fram til ein god dialog i framtida med kommunen, lokalbefolkninga og interessentar, for å kome fram til den beste løysinga for Mauranger 2, seier regiondirektør Svein Ilstad. 

Lanserer bok om Mauranger kraftverk 

Som ein del av feiringa vil boka «Det kvite gullet» av forfattar Sigurd Vikøren, med informasjon, intervju og bilete frå Mauranger og tida før, under og etter anlegget vart bygd, lanserast. Boka gjev eit historisk tilbakeblikk på eit samfunn før kraftverket kom til, menneska som var der og dei fem tiåra sidan. Boka handlar òg om nokre mørke kapittel i Folgefonnanlegga sin historie, som snøskreda i Rednedalen under bygginga av Mauranger kraftverk i 1970, der sju menneske mista livet. 

Program: 

Kl 13:30 – Opning av arrangementet – Regiondirektør Svein Ilstad & kraftverkssjef Vidar Riber 

Kl 14:00 – Kulturelt innslag 

Kl 14:15 – Matservering, kaker og is 

Kl 14:15 – Barneaktivitetar 

Kl 15:00 – Presentasjon av jubileumsboka 

Kl 17:00 – Arrangementet avsluttast 

For meir informasjon, ta kontakt med: 

Vidar Riber, kraftverkssjef, tlf +47 901 21 542 

Nina Nerbøvik Holand, pressekontakt tlf +47 482 21 775 

Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank