Ein ståstad i livet!

Sigurd Vikøren

Eit varleg lite under, eit mirakel i ei fantastisk utvikling. Ein liten luring som etter kvart krev stor plass, turnar, snur seg rundt og sparkar deg i magen. Gjev deg glede i livet og ein kvardag som kan vera ekstremt krevjande, når aktivitet aukar meir eller mindre heile døgnet. Mammo mi, var i alle høve drittlei.

Sigurd på ein tysdag:

Ein ståstad i livet!

I romjula ville ho ut på tur, klauv opp på stabbesteinar og hoppa ned, i eit forsøk på å få den vetle luringen «på lukto.» Kanskje hjelpte det, for to dagar inn i det Herrens år 1947, heima hos besto på Plassaneset, kom ein liten gut til verda. Ikkje ein gong næraste familie visste den gongen om det var gut eller jenta, før den vetle luringen var komen «på grøn mark.» Etter ein klaps på baken av jordmora, vart det skriking av full hals frå den nyfødde. Då var konklusjonen klar, alt var ok.

Tidleg 1947 var nok ei god og triveleg tid for mange. Folk var i ferd med å bli aklimatisert til eit liv utan krig og okkupasjon. Alle i samlepotten «persona non grata» var stort sett fjerna, på godt og vont. Den nasjonale stemninga var euforisk og foreldra til dei små gledesborna, hadde positive tankar og gode voner for framtida.

Med dagens mediaverd er det rart å tenkja på at den eine radiokanalen vi hadde i Noreg, framover på 50-talet ikkje hadde sending store deler av døgnet. Ved midnatt vart sendinga avslutta. Svanhild Mundheim, med  si varlege røyst, gav oss ynskje om ei god og velsigna natt. Så vart det stilt på frekvensen fram til kl. 06.00. Radiosendingane hadde til og med pause (siesta) midt på dagen. Nrk sende då berre det klassiske pausesignalet, eit signal alle som levde på den tida hugsar. 

Dette var lenge før fredag var helgestart. Laurdag kveld derimot var ei velsigning, ungane var nybada og familien samla seg i stova rundt radioen. Show i store studio,  20 spøesmål med Rolf Kirkvåg, skinka på sjevo, og kanskje raud saft. Du og du, då var det høgtidsamt og absolutt gudsjelovskveld. 

Enno var TV eit ukjent media for dei fleste av oss. Internett var i beste fall høgtsvevande tankar i teoretiske miljø. Google sine opphavsmenn var enno ikkje fødde. Difor levde vi i ein lukkeleg kvardag, med dei goder livet på 50-talet kunne by på.

Notida med nytt årtusen har påført oss eit heilt anna mediabilete. No er vi totalt avhengig av den digitale verda. Er nettet nede, så kolapsar fedrelandet totalt og BNP går rett i dass. Vi blir sitjande å sjå ut i lufta med eit tomt blikk, ute av stand til det meste.

Men, når nettet er oppe og fungerar, så gjev det tilgang på «alt.» Ungdomar i dag undrar seg over korleis vi kunne klara oss før vi fekk eigen pc og hadde google? For å forstå det, må du ha kanskje ha opplevd det sjølv, levd det gode livet før mediarevolusjonen kom og tok oss. 

Det livet som la grunnlaget for den mykje brukte klisjèen om at alt var betre før! Likevel er det noko som seier meg at vi ikkje vil attende til sveivetelefonen, skrivemaskinen eller radiomonopol med tvilsam lyd. 

Eg hugsar vel besøket av seljaren som presenterte den utrulege nyvinninga; Elektrisk skrivemaskin med rettetast! Heilt fantastisk, eg berre måtte kjøpa! Den gode kjensla etterpå, eg var rett å slett stolt av den nye investeringa.

No seinare ein dag eg sat på jobben, saman med min ven Google og leita etter noko, kom eg over ein interessant tabell, med oppmodinga; Sjekk kva vekedag du er fødd! Det viste seg at 2. januar 1947 var ein torsdag. Då eg formidla til eit barneborn at bessen var fødd på ein torsdag, svarte han, kuuult. Etter ein liten sjekk med kalkisen, konkluderte eg raskt vidare med at; det betyr at bessen har vore her, på jorda si overflate, i 3702 torsdagar. Kuuult, svarte etterslekta. Torsdag er komledag, kor mange, nei, det vil eg ikkje vita.

Men, det var fyrst då eg såg nærare på den omtalte tabellen at dette verkeleg begynte å bli kuuult. Det var då at heile «denna greio» tok av. Du har levd i 26 348 dagar!!? At eg, ka va da du sa at da va? Har levd i 26 348 dagar? Jysses, og det vart snart klart at greio var enno mykje verre enn det, eller betre, alt etter som. For fylgjene av konsekvensane var at eg også har levd i 26 348 netter! 

Spekulatorboksen brukte litt tid på evaluera opplysningane. Men, etter kvart dukka mange tankar opp, snøballar begynte å rulla og starta ei lang rad med dominoeffektar. Plutselig var eg hekta, det var veldig mange tema som dukka opp og reiste krav om ettertanke!

Glimtvis var det utruleg mykje som rulla over skjermen min. Desse meir enn 26 000 dagane og nettene var truleg sjølve livet, livet mitt. Ikkje rart at tida plutselig vart moden for å ta eit aldri så lite møte med seg sjølv. Dei sokalla store spørsmåla i livet dukka opp, som perler på ei snor. 

-Var eg nøgd med livet mitt? -Kva ville eg gjort annleis, om eg kunne levd livet på nytt? -Kven og eller kva har gjort sterkast inntrykk på meg? -Kva skjer når dette livet snart er slutt? Det er vel lite truleg at det vert 26 000 dagar til? Om eg er heldig, blir eg kanskje innvilga nokre år til, kva bør eg då bruka den tida på? Spekulasjonar om det meste, var i gong.

26 348 døgn, er 632 352 timar, er 37 941 120 minutt. Alt før du les om dette i magasinet, er det blitt meir enn 38 millionar minutt! For eit fjernsynsprogram det kunne blitt. Sigurd, minutt for minutt. I bortimot 40 millionar minutt. Alle typar medier ville nok kjempa ein knallhard kamp om å trilla flest sekserar på terningane sine, i åravis. Programmet kunne gått utan stopp fram mot neste århundre. Nrk 2 ville vera fullbooka med spenning.

No ville vel minutt for minutt i TV-versjon, med Sigurd sitt liv, truleg verta noko kortare etter gjennomført sensur. Likevel, kanskje ikkje så mykje? Det er utrulege mengder med stoff som i dag blir presentert på NRK, som i min barndom ville ført til oppstandelse, med hektiske møter på mange bakrom. Du hendelse, her er det berre å tenkja, når det gjeld språkbruk, tema og innhald. I 1954 vart det raseri og proteststorm då Anne Cath Vestly i barnetimen på radio påstod at barna ikkje kom med storken, men låg i mor sin mage.

Uansett må vel NRK 2 ha plass til Torp, Urix  og Brenner sine bøker. Då vil nok historien om minuttane til han du veit, likevel kanskje enno vera i sving, når vi rundar inn i år 2100. Eg får ta meg ein liten prat med Lars Monsen, om kva erfaringar han har. Alternativet kan vera at NRK 2 sender ca. 500 000 fotballkampar, minutt for minutt, i denne perioden. Ring NRK og gi di røyst!

Etter som dagane går, minutt for minutt, legg du merke til at eit aukande tal av dødsannonsene i aviso, gjeld folk som har fødselsdato i 1947, eller til og med seinare. Ei slags snikande påminning om livets realitet, om at alt har ein slutt. I det daglege fasar du ofte slike tankar ut, registrerer berre at -jaja, so e da. 

Treng vi eigentleg uroa oss så mykje for kva som møter oss på den andre sida. Alle som har vore her før oss har klart seg heilt fint over til andre sida. Så kvifor skulle det ikkje gå greit for både deg og meg? Ingen, i alle høve ikkje av dei eg kjenner, er komne attende. Vi kan sjølvsagt grubla litt over kvifor det?

Det kan bety at når du passerar perleporten, så blir harddisken din sletta! Alternativt er alt så mykje betre på andre sida, at når du blir restarta, så er ein retur til gamlelandet heilt uaktuelt, sjølv om du kunne velja på eiga hand. Elles har vi alle lese om alternativ som mennesker har lansert gjennom årtusen. Dei fleste med ein tvilsam dokumentasjon.

Eg har stor respekt for at problemstillingar knytt til denne prosessen er ei alvorleg utfordring for mange. Det er slett ikkje mi meining å vera ufin, lettvint eller å trø i blomebedet til andre. Meir å understreka at det er viktig å finna fram til si eiga tru rundt dette.

Eg er slett ingen svovelpredikant, som fremjar krav om å ha fasiten til den einaste sanninga. Ikkje for dette livet og absolutt ikkje for det neste. Truleg finnest det heller ingen fasit for det optimale liv, som høver like bra for oss alle. 

Rett nok har vi mange gruperingar som meiner dei har både fasiten og resepten til det meste. Altfor ofte viser det seg å vera mykje fasade og lite innhald. Å la andre bli offer for eigen fundamentalisme, er ein dårleg idé. Det tener oss alle langt betre å vera litt audmjuk.

Sjølv har eg alltid hatt eit godt forhold til Vår Herre! Er litt usikker på om han er like nøgd med meg, men, det er no lov å vone. Eg har aldri hatt noko utprega religiøst liv. Men, har brukt mange år av mitt liv til arbeid med å ta vare på skaparverket. 

Ragnvald Våge, forfattar og bonde frå Sunde i Kvinnherad, har skrive noko om dette temaet, på ein fin måte. Eg er langt på veg, samd med han;


Ein herre det skal kvar mann ha
og eg har valt meg min.

For alle dårar er han duld
som dagen for ein blind,

men eg ser fotefara hans
i morgondogg og stjerneglans
og solspel kringom tind.

Til slutt litt om egg.

Eit av livets store mysterium, som ingen kan svara heilt sikkert på er; Kva kom fyrst, høna eller egget?

For 15 år sidan var det frykt for mangel på egg til påske, det vart ein stor snakkis, som til og med vart teke opp i Stortinget. Fleire representantar var sterkt uroa over situasjonen. Frå talarstolen på Løvebakken, føreslo Lars Sponheim, som var landbruksminister, at kvar mann skulle hatt si høne, så hadde dette problemet vore løyst. Sponheim hausta stor fagnad for sitt forslag til løysing.

Eit kinderegg er kjent for å innehalda 3 gode ting på ein gong. Det kan vera fridom, ein interessant kvardag og eit godt liv! Alternativt legg du inn i egget 3 ting, som er dei viktigaste i ditt liv. 

Skal du gleda deg med det gode i kinderegget ditt, så treng du eit egg til. Eit columbiegg med resepten på kva som må til, for å bli verande med fjorden og nyta det gode liv. 

I mitt columbiegg ligg denne resepten:

Ta vare på helsa di. Om du sjølv ikkje tek ansvar, kven er det då som skal gjera det? Tren styrke, intervall, set gjerne av litt tid kvar dag. Jau, du har tid, ikkje prøv deg! Det er ditt liv, ditt ansvar. Kos deg med sex til evig tid. Slutt med røyk, det veit du. Ingen peikefing frå meg, men alkohol tek altfor mange liv, så slutt med skjenk, i alle høve om tysdagen og torsdagen. 

Bruk resten av ditt gode liv, på ting du bryr deg om, saman med folk som betyr noko for deg. Vær raus, vis empati. Set pris på livet rundt Hardangerfjorden, vi har det langt betre enn dei aller fleste. Fint om du vil bidra til at vi kan ha det slik, minutt for minutt, i minst 26 348 dagar til, – og du –

Ha ein fiin vår!

PS! Konkurransen er, kva kjem fyrst kvitveisen eller april?

Sigurd

Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank