Folgefonnanlegget!

Sigurd Vikøren

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

I 1968 starta anleggsarbeidet på eit heilt unikt vasskraftanlegg på vestsida av
Folgefonna. I 1974 kom den fyrste straumen frå Mauranger og Jukla kraftverk på
nett.

I høve at det no er femti år sidan, hadde Statkraft ynskje om å laga ei jubileumsbok
som omhandla anleggstida og dei fyrste 50 åra med produksjon.

Livet på Folgefonna Vest var tøft. Geografien og været, ikkje minst sterke
sydaustlege vindar, gjorde tilværet krevjande. 12 mann mista livet i oppdrag knytt til
Folgefonnanlegget. Mange betalte ein høg pris for vår velferd, ikkje berre dei som
omkom, men familie, vener og heile miljøet. Dei spennande historiane kan du lesa
om i jubileumsboka som blir lansert på 50-års markeringa i Austrepollen 13. juni.

Redaktøren for nettsida til Hardangerfjordmagasinet vart hausten 2022 spurd om å
skriva/ redigera denne boka. Ei spennande oppgåve som det var uråd å seie nei takk
til. Under vegs med bokprosjektet viste det seg å vera så mykje spennande materiell
at vi enda opp med ei ferdig bok som hadde 440 prosent større omfang enn
utgangspunktet var. Likevel lukkast vi med å halda tidsplanen om at boka skulle vera
ferdig våren 2024. Prisen for å nå dette målet, var at nettsida til
Hardangerfjordmagasinet vart ståande litt på staden kvil. Det er ikkje meir enn 24
timar i døgeret til redaktøren heller.

Mange har spurd om Hardangerfjordmagasinet og kva som skjer. Svaret er at vi
ynskjer å vidareføra omtale av spennande bedrifter, natur og kultur frå alle dei flotte
stadane kring verdas mest sjarmerande fjord.

Vi vonar at du vil bidra med å tipsa oss om saker som du har lyst å dela med andre.
Vi ynskjer å skriva om alle spennande saker. Eit digitalt format som dette gjev oss og
sjanse til å dela meir enn det skrivne ord, kanskje film og podkast, ja eigentleg mest
kva som helst. Så vil framtida vise kva vi kan lukkast med.

Det er viktig at du tar turen innom Hardangerfjordmagasinet si side, og fortel oss
gjerne om du synest dette er/ blir ei side du vil fortelja dine vener om.

Skal nettsida bli noko spennande, så er vi heilt avhengig av deg. At du tipsar oss og
at dette blir ein informasjonskanal vi lagar saman. Vi treng å vita om kvarandre og
saman framsnakka miljø og livet rundt Hardangerfjorden, verdas mest sjarmerande
fjord.

All marknadsføring handlar om kjennskap til – og kunnskap om!

Klikk her for å se en dokumentar fra Statskraft om Maurangerutbygginga

Redaktør: Sigurd Vikøren

Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Moster 1000 2024
Sport1 rosendal
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.