Gratulera med dagen!

Sigurd Vikøren

Mai er månaden då vi med respekt feirar verdiar og rettar vi som folk har kjempa for og vunne.

Jenter i bunad
Foto: Visit Hardangerfjord

Samstundes som vi minnes dei som har gjort jobben og gitt sine liv, slik at vi har grunnleggjande
rettar og fridom som gjev liva våre verdi.

Vi er no i ei tid som verkeleg gjev oss grunn til å minna kvarandre om at slike rettar må vaktast kvar
ein dag. Fordi det er vår plikt å gi desse grunnleggjande menneskerettane vidare til neste generasjon!

Alt på mai sin aller fyrste dag får vi arbeidarane sin kampdag. Ein lang kamp for rettar som gjev oss
eit liv som er verd å leva.

8. mai kan vi stoppa opp, og minna kvarandre om 5 års kamp som generasjonar før oss kjempa slik at vi lever i eit fritt demokratisk land med grunnleggjande rettar.

I 2024 skal vi feira Kristeretten. Då er det 1000 år sidan kristendomen vart innført i Noreg. I kjølvatnet av den kristne tru har vi raude dagar i mai i år både med Helgetorsdag og andre pinstidag, der vi kan minnast kamp og hendingar som for mange av oss er viktige.

Som kruna på juvelen har vi 17. mai, som einar oss alle, same kva religion vi kjenner oss heime i, eller kva tankar vi gjer oss. Felles for alle er verdien av fridom og demokrati. Respekten for dei som har lagt grunnlaget, og kravet til oss sjølve, om å ta vare på verdiane for framtida.

Gratulera med dagen!

Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling