Hardanger AKS!

Sigurd Vikøren

Langs elva i Sjusetevegen i Øystese finn me Hardanger AKS. Eit bygg forma som ein rettvinkla hestesko, med eit ope, flott tun i midten som gjev lett tilgang til dei ulike avdelingane.

Hardanger AKS er ei vekst- og attføringsbedrift. Dette er kommunalt eigde bedrifter som tilbyr arbeidsplassar til utviklingshemma og andre som har behov for hjelp til å finna sin veg i arbeidslivet. Bedriftene tilbyr og arbeidstrening for folk som har falle ut av arbeidslivet p.g.a. rus, psykiatri eller andre helsemessige årsaker.

Det er i dag vel 70 personar som har sitt daglege arbeid ved Hardanger AKS as. Omlag 40 av desse er personar med nedsett arbeidsevne. Kring 15 får tilbod om kvalifisering til ordinært arbeid eller avklaring av arbeidsevne. I bedrifta har dei lærekandidatar og tilbod om språkpraksisplassar for flyktningar som treng språktrening før dei kan gå vidare til utdanning og/eller arbeid.. 

Eigarane av Hardanger AKS as er Kvam Herad, Hordaland Fylkeskommune, Samnanger Kommune og Kvam og Jondal NFU. Verksemda har administrasjon og totalt fem avdelingar, noko som gjer at Hardanger AKS kan tilby mange ulike arbeidsoppgåver.

Hardangerfjordmagasinet fekk ei grundig og interessant innføring av administrasjonsleiar Ona M. Waage og dagleg leiar Øyvind Aksnes. Dei var med oss rundt på dei ulike avdelingane. Me fekk helsa på avdelingsleiarar, arbeidsleiarar, instruktørar og dei trivelege tilsette, saman med brukarar av dei ulike tenestene. 

Vaskeriet er den største avdelinga. Det er topp moderne, sertifisert og godkjent på lik linje med andre profesjonelle vaskeri. Dei har faste avtaler om levering til kring 60 bedrifter som får reint arbeidstøy, mopper, matter, institusjonstøy og sengetøy av Hardanger AKS. Men mange private nyttar og vaskeri- og renseri-tenestene verksemda leverer. Her kan du få vaska tøyet ditt, få dukane dine rulla, gardinene vaska, dressen reinsa, bunadsskjorta klargjort til 17. mai, båtkalesjen impregnert, du kan leiga dukar og mykje meir.

Hagemøblar, blomepyramidar, rastebord, godkjente kompostbingar, postkassestativ og sandkassar er nokre av produkta som blir laga ved bedrifta si treavdeling. Alt laga for hand av brukarane under leiing av dyktige fagfolk. Verkstaden kan og laga ting på bestilling. Det kan vera gamle tradisjons møbler som er i dårleg forfatning, men har stor affeksjonsverdi for eigarane. 

Vedavdelinga har turr fin bjørkeved for sal. Norsk kvalitetsved i 40-liters sekker der kvar sekk inneheld minimum 17 kg og har fukt garanti. Verksemda synest det er viktig å levera norsk kvalitetsved og er nøye på kven dei kjøper ved av. I andre høver hentar avdelinga ved på teigar og utfører heile prosessen sjølv, fram til ferdig pakka sekkar. Ikkje minst gjennom bruk av eigen ved og materialtørkar, der vi nyttar varme frå vaskeriet, blir prosessen miljøvennlege og effektiv. Lokalt køyrer Hardanger AKS ved fraktfritt heim til deg, og plasserer den akkurat der du vil ha den levert. Betalar du litt kan vedavdelinga saman med Raude Kors levera veden med snøscooter heilt fram til hyttedøra di. 

Serviceavdelinga har fantastisk gode opptenningsbrikettar som blir laga av avispapir dyppa i stearin og parafin. Dei er svært funksjonelle og gjer det enkelt å tenna opp i sjølv den mest gjenstridige omn.   

Hardanger AKS har og eige kjøken. I tillegg til kafé og kantine, driv dei catering og har eit stort utval produkt som dei leverer etter tinging til bedrifter og privatpersonar. Dei tilbyr det meste av snittar, rundstykker, baguettar, kaldtbord, kaker og har middag- og fruktlevering til bedrifter. Catering tilpassar levering og utval etter ynskje og leverer til privatpersonar, møter, kurs, klubb, lag og organisasjonar. Kantina kan og leigast til konfirmasjon eller andre arrangement.  

Hardanger AKS sin visjon er at alle som arbeidar på Hardanger AKS skal få hjelp og støtte til sjølvutvikling under trygge rammer. Målet er å skapa meiningsfylte arbeidsplassar basert på mangfald i produksjon av varer og tenester for næringsliv, industri og privatpersonar. Å arbeida er eit mål i seg sjølv. Nokre har fleire år bak seg i ordinært arbeid, men er i ein situasjon der dei treng hjelp for å komma seg opp ein motbakke og vidare i livet. 

Hardanger AKS legg til rette for arbeidsavklaring internt i eigen produksjon men og eksternt i ordinære bedrifter med tilpassing og oppfylging av attføringsleiar. Nokre i verksemda er unge menneske som slit med skule og ordinær undervisning, personar med utviklingshemming, personar med rusproblem, eller som av andre årsaker treng ekstra oppfylging for å kunna meistra ein jobb. Med fokus på opplæring, rekruttering og nyskaping er Hardanger AKS ein stor arbeidsplass og ei viktig vekst- og attføringsbedrift med stor samfunnsnytte.

Takk for gjestfri og god mottaking. Hardanger AKS, ei viktig hjørnesteinsbedrift!

Mer fakta om Hardanger AKS!

Adminstrasjon

5 avdelingar:

  • Vaskeri
  • TYreavdeling
  • Ved
  • Service/pakke
  • Kjøken
  • Cafe/Catering – eigen kantine

Nokon er ordinært tilsette, medan andre er på tiltak og vert såleis kalla brukerar.
Dei er då brukerar av tenester som Hardanger Aks tilbyr og NAV betalar for.

Hovedeigerar er Kvam heras, Hordaland fylke og Samnanger kommune.

Vaskeriet er den største avdelinga som lokalt leverer til 60 bedrifter

Mopper, mapper og arbeidstøy

Kvam herad er største kunden som kjøper institusjonstøy.Vi har mange kundar som småhotell og campingplassar.

Private som og vil ha vaska ting kan kjøpa teneseter hos oss. – Bunad – finstas.

Vi leverer io Kvam, Jondal, Granvin, Odda og  Flesland.

Vi har eit samarbeid med renseri i Åsane.

Vi er eit moderne vaskeri. Som er ISO sertifisert og godkjent….

Trevare

Vi har distribusjon – leverer ut utan frakt. Vi leverer sekker med ved, heim i garasjen din

Vi leverer til Rema 1000 same reglar  Fuktgaranti  – bjørk – volumgaranti – vi vinn konkurransen

Opptenningsbrikettar – som faktisk tar fyr.

Snitter – kaker – lagar mat til bedrifter middag til arbeidsfolk – Mat til møter i rådhuset i banken

Mat til gunstig pris – set mat på bordet.

Fine møbler – kjekt å høyra – Blmsterpyramidar – rastebord – flotte benker. – Vi lagar og ting på bestilling, etter mål – gamle tradisjonsmøbler som er i dårlig forfatning, men har stor afeksjonsverdi, kan du få pris på hos oss.

Levering av ved – har ein avtale med hytteeigerar på Kvamskogen

Vi har avtale med Røde Kors og kan levera langt inn på fjellet med snøscooter.

Vi leverer ved frå Jeløygård. Men, vi hentar og ved på teigar og utfører heile prosessen sjølve.

Vi tøkar veden med varme frå vårt eige vaskeri. Miljøvennleg. Vi kan turka høy.

Tysnes Sparebank
Sport1 rosendal
Aktiv Eiendomsmegling