Hardangerfjorden, verdas mest fasinerande fjord!

Sigurd Vikøren

Flokkar med spekkhoggar har som alle oss andre funne ut at Hardangerfjorden er ein fantastisk stad
å frekventera.

Spekkhoggere

Laurdag 22. april var Tassen på fjordtur med matfar og fotografen sin, då ein flokk på 8
kvalar kom fossande. NKW -704 kallar ekspertane denne flokken, som består av 5 damer, eller kyr og
3 kalvar.

Ei fantastisk oppleving, ikkje minst heilskapen med dei store dyra jagande inn fjorden med snøkledde
fjell som bakteppe. Ei påminning om den fantastiske naturen vi er ein del av.

Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Sport1 rosendal
Moster 1000 2024
hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.

isbre

Kontrastar!

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.