Johannes H. Sekse

Sigurd Vikøren nr. 1 – 2016

På Sekse, i Ullensvang, 100 meter over Sørfjorden finn du han. Johannes flytta hit og begynte som bonde i ein alder av 60 år. Rett nok heldt han til her på slektsgarden i barneåra, men å bli bonde sjølv, tok litt tid.

På Sekse, i Ullensvang, 100 meter over Sørfjorden finn du han. Johannes flytta hit og begynte som bonde i ein alder av 60 år.

Lærar / Fjellmann / Eplebonde

Journalist / Sauabonde / Pensjonist / Målmann

På Sekse, i Ullensvang, 100 meter over Sørfjorden finn du han. Johannes flytta hit og begynte som bonde i ein alder av 60 år. Rett nok heldt han til her på slektsgarden i barneåra, men å bli bonde sjølv, tok litt tid.

Johannes H. Sekse er ein positiv kar, med høg aktivitet, og har sterke, klare meiningar om mangt og mykje. Johannes er det vi må kunna kalla ein langt over middels samfunnsengasjert harding.

Flytta til Stord og tok lærarutdanning på Stord lærarhøgskule, Rommetveit. 1969 – 1972. Så fylgde eit år i Notodden med fokus på ”fysikk med matematikk,” spesialisering for å nå målet om å bli adjunkt. Etter eit år i Telemarkbyen, vart det kongens klær for lærarstudenten. Etter avslutta militærteneste var meininga og ta eit avsluttande år på lærarhøgskulen på Stord att. Han var komen inn på formingslina. Men så fekk Johannes ein telefon, frå  norsklæraren han hadde då han tok grunnutdanninga. Han spurde om han ikkje heller ville ta norsk-lina?

Kvifor denne spurnaden dukka opp, har Johannes aldri fått noko svar på. Han hadde slite med norsk, så faget var eigentleg utanfor komfortsona, seier Johannes sjølv. Likevel tok han denne utfordringa, utan at han var heilt klar over kvifor. Det skulle få store fylgjer for resten av livet.

Dette året endra nemleg mykje seg for den unge hardingen. – Det var ei veldig bra inn- føring i norsk, seier Johannes, og eg lærde utruleg mykje. I tillegg vart eg kjent med han som er noverande kultursjef i Kvinnherad, Kristian Bringedal. Det var nok i denne prosessen augo mine vart opna, og eg fekk etter kvart kimen til å bli ein medviten målmann.

Før han tok til på norsklina, gifta Johannes seg med Brit. Ho hadde slektsrøter til Ullensvang, men hadde hatt oppveksten sin i Sauda. Dette var nok ei god tid for Johannes. Etter gjennomført skulegong fekk han jobb som lærar på Rimbareid skule på Fitjar. Framtida såg ljos ut for den unge læraren.

Atle Hagen Johnsen, ein rektor med stor kunnskap og innsikt, hadde tilrettelagt eit utruleg bra opplegg for tre unge lærarar som fekk ansvar for to parallellklassar på ungdoms-    trinnet på Rimbareid. – Det var eit opplegg som gav meg ein utruleg god start som lærar, seier Johannes, som vart verande på denne skulen i 8 år.

Samstundes som den unge hardingen var i gong med lærargjerninga si, så var den engasjerte, no norskkunnige hardingen, i full gang som samfunns-debattant og skreiv lesarbrev. Noko som toppa seg gjennom debatten i Fitjar om skuledans.

For Johannes sin del førde dette til at han fekk tilbod frå bladet Sunnhordland om å verta frilansjournalist. Noko han sa ja til. Seinare vart det oppretta eit eige Fitjar-kontor for bladet Sunnhordland. Slik vart Johannes ståande med minst ein fot i journalistverda.

Eit stormvarsel sytte elles for at ein skules tyrerepresentant frå Fitjar-øyane ikkje kunne møta, og dermed vart det fleirtal for skuledans. Det gode miljøet på Rimbareid skule, la grunnlag for at Johannes framleis har kontakt med elevane frå den fyrste klassen sin. I starten møttest dei kvart femte år, seinare har det vorte oftare, både i Fitjar og Hardanger. – Veldig kjekt, seier Johannes.

I 1976 spurde redaktør Steinar Hystad i bladet Sunnhordland om Johannes kunne tenkja seg å overta som redaktør i Marsteinen, avisa i Austevoll, som Sunnhordland nett hadde kjøpt opp. Dette takka journalisten ja til, og fekk eit år permisjon frå skulen.

I 1980 fekk Johannes førespurnad frå heimtraktene, om å bli redaktør for avisa ”Hardanger”, som då hadde flytta redaksjonen frå Odda til Lofthus. Det høvde ikkje nett då, så han takka nei. Men, då førespurnaden kom på nytt året etter, klaffa ting betre. Dermed flytta familien til Lofthus sommaren 1982. Med det flytta Johannes også frå eit travelt tilvære både som lærar, bladmann, kommunestyrerepresentant og fleire andre verv.

Slik gjekk det til, at Johannes hamna i redaktørstolen i bladet Hardanger. Her trivdest hardingen godt, og han hadde nok tankar om å fortsetja der. Johannes såg likevel trong for ein del endringar, og hadde meiningar om kva som måtte gjerast med avisa. At han ikkje fekk gjennomslag for dette, var sterkt medverkande til at han våren 1984 sa opp redaktørjobben på dagen.

–  Eg hadde seks månaders oppseiingstid, men fekk ordna meg med vikar som steppa inn på kort varsel. Det tok ikkje lang tid før redaktøren i Hardanger Folkeblad, Øivind Madssen tok kontakt, og dermed byrja han som free- lans-journalist der, samstundes som vart lærar på Hauso skule. Han var  pendlar i tre år, og likte seg godt på Hauso.

Etter kvart vart det slitande å pendla med ferja. Mellom anna var det slett ikkje alltid han kom med, og det hende han måte køyra om Odda. Rett nok hadde Johannes kjøpt seg båt for å gjera pendlinga enklare. Men før den var komen på fjorden, så vart det ledig full journaliststilling i HF, og då han fekk tilbod om den jobben, så klarte ikkje Johannes å seie nei.

I HF trivdes Johannes så godt, at lærargjerninga vart verande på parkeringsplassen. HF vart arbeidsplassen, til han gjekk av med AF-pensjon då han fylte 62 år i august 2011. 30 år som bladmann i Indre Hardanger har skaffa Johannes ein god oversikt om kva som rører seg i distriktet. Vi kunne sikkert laga fleire magasin, berre om saker han har skrive om. Det er nok frå dette ”kallet” dei fleste hardingane kjenner Johannes H. Sekse.

Etter mange gode historier, etter at vedakassen på kjøkenet er tom og langt nedi den fjortende kaffikoppen, tenkjer eg at vi likevel må koma oss vidare. Då er det på sin plass å stilla det ultimate spørsmålet.

– Om du skulle nemna ei sak Johannes, frå desse 30 åra i HF, som du hugsar spesielt, kva sak ville det vera?

– Det som ramlar ned i hovudet på meg då, seier Johannes, – er bussulukka i Måbødalen. Den skjedde på gebursdagen min, 15. august 1988. Eg var komen heim frå jobb, hadde ete middag og sto klar med kake-spaden. Då ringde telefonen. Marknadsjef Rolf Alterskjær i HF  fortalde at to sjukebilar og ein redningsbil var på veg utover austsida av fjorden for fulle sirene og blålys.

Eg ringde politiet, og fekk då vita at det var ei ulukke i Måbødalen. Detaljar, eller omfanget av ulukka var det då ingen som visste. Slik er lagnaden til journalisten, det vart ingen kake på jubilanten.

– Eg heiv meg i bilen og køyrde utover fjorden. I Kinsarvik vart eg nådd att av sjukebilar for fulle sirener, og eg hengde meg på. I Øvre Eidfjord var det stopp. Politiet hadde gitt beskjed om at ingen skulle sleppast forbi. Eg hadde derimot ein viktig jobb å gjera, tenkte eg. Eg bad om å få parkera litt lenger borte. Det fekk eg lov til, men i staden for å stoppa, køyrde eg vidare.

TRAGEDIEN I MÅBØDALEN

12 born og 4 vaksne omkom i ulukka i Måbødalen. Det var totalt 34 personar i

bussen. Dei var alle frå Kista i Sverige, som skulle på skuletur til Shetland. Årsaka til ulukka var at bremsane til bussen svikta.

-Det var eit fryktelig syn som møtte meg. Då eg kom til staden visste eg ingen ting om kva for ei ulukke det var. Utan å vera budd på omfanget, kom eg midt oppi eit inferno med omkomne plasserte på rasteplassen, fleire helikopter som henta skadde, ein buss der fronten og heile høgre sida var traspa, seta hadde losna, og rasa fram i bussen, sjåføren sat fastklemt. Det ultimate kaos, med sterke synsinntrykk. Som medlem i hjelpekorpset tilbaud eg fyrst hjelp, men eg fekk beskjed om at dei hadde nok mannskap. Då kunne eg med betre samvit konsentrera meg om jobben min. Det var ei forferdeleg og tragisk ulukke, der synsinntrykk kjem til å vera med meg så lenge eg lever. Såleis kan ein journalist sin kvardag vera tøff og utfordrande. Likevel var det nok atskillig verre for dei som dreiv med berging av knuste kroppar ut or bussen.

I si tid var Johannes leiar i Fitjar Mållag. No er den aktive pensjonisten nyvald leiar i Ullensvang Mållag.  På årsmøtet for kort tid sidan delte han ut målprisen til Kari Hesthamar. Han sjølv var den fyrste som fekk Ullensvang Mållag sin målpris i 1995  – overrekt av ingen ringare enn Torolv Hesthamar – far til Kari og ”far” til prisen.  I 1988 fekk Johannes tildelt Odda Mållag sin målpris.

For vel to år sidan var han med og stifta Indre Austsio Grannalag, som og har si eiga ”avis,” med info til alle i krinsen.

Johannes er elles leiar i Indre Hardanger Sau- og Geit og  i Sekse Montesorriskule. I andre ledige stunder skriv Johannes på bok om Veigdalen på Hardangervidda. På garden driv han med rydding av meir beiteareal, han har planta mykje nye frukttre, prøver å trimma litt kvar dag. Målet er å vera med sauene til fjells, kvar sommar, i alle fall til han er minst 70.

Brit og Johannes fekk to jenter, Ingebjørg og Valborg, medan dei budde i Fitjar. Etter at dei vart hardingar, kom Hans Jakob til verda i 1985. Han er gift med Ingvill Hauge Sekse og dei har dottera Hannah, ein augnestein, som er grus for både besto og besten. Alltid kjekt når ho kjem på besøk.

I desse dagar er det mange som meiner mykje om framtida og kommunestruktur. Ein av dei er Johannes. Å engasjera seg, kostar, og ein må tola ein del når ein stikk hovudet fram.

Mellom anna er Johannes aktiv på det sosiale mediet – Facebook. Her la han opp til ein debatt om deling av Ullensvang. I tillegg har han kjempa i tre år for å få til eit skuletilbod i Sekse-krinsen. Det irriterte  ein av dei bortimot 1400 ”vennene”, som i mangel av saklege argument, kalla den aktive saue-bonden på Sekse, for ein avskilta pensjonist.

– Det er i slike stunder det er beste å bita det i seg og teia. Når ein manglar argument som gjeld saka, er debatten slutt. Men, at det å bli pensjonist skulle ta frå han retten til å ha mein- ingar. Det er Johannes sterkt usamd i.

Johannes har 30 vinterfora sauer, som han trivest saman med og likar å stella godt med.

-Sauer er meir enn ålreite dyr, og dei syner ofte at dei har mykje til felles med oss menneske. Når eg sit i sauegarden og klør ein av dei på bringa, merkar eg enkelte gonger at andre er sjalu.

Johannes er elles fjellmann og likar godt å vera saman med sauene i fjellet. Den påstått avskilta pensjonisten, var i si tid med å starta Ullensvang Turlag, og vaks opp med turar i fjellet både sommar og vinter. Sidan 1992 har Johannes vore turleiar for ein 3-4 dagars hausttur på Hardangervidda. Denne faste turen tok han med seg, då Ullensvang slo seg saman med Odda til eitt turlag. I august i år blir det tur nr. 24 – og stort  jubileum til neste år.

Den blide hardingen har mange interessante historier å fortelja. På historiane han fortel, forstår eg at han trivest med å bli kalla fjellmann, ein som har fiska mykje i fjellet, og også jakta. Men han vil ikkje kalla seg jeger. Reinsjakt har det vore lite av, men i fjor var han med på elgjakt i Veigdalen 30 år etter han vart med fyrste gongen i 1986.

For rundt ti år sidan kunne det lett vorte slutt. Ein i jaktlaget hadde skadeskote ein elg, og prøvde å spora denne. Mot slutten av dagen hadde han framleis ikkje funne dyret, og resten av jaktlaget skulle vera med å leita. I søket etter å koma innpå dyret, kom Johannes og ein jaktkamerat plutselig litt nærare enn dei var klar over. Og før dei visste ordet av det, braste  den svære elgen plutselig ut av vierskogen og kom med gassen i botn, i toppfart mot dei to kameratane.

Kompisen hoppa på elva, mens Johannes skulle gjera børsa klar og gi elgen nåde-støyten. Men elgen kom så raskt at han ikkje fekk opp børsa. Skotet gjekk i bakken og Johannes vart hiven høgt opp i lufta av elgen. Noko skamfaren, eit par knekka ribbein og med eit lett risp i sida etter geviret, landa Johannes som ei skamskoten skjor. Til all lukke landa han i mjuk elvesand. Elgen stod hundre meter lenger nede og såg på ”fienden”.

Kortversjonen av lagnaden er slik at det til slutt var elgen som vart byttet, og ikkje jegeren. Då haustskumringa kom til Veigdalen denne

minnerike kvelden, så var elgen sine lidingar slutt, og jegeren kunne konstatera at han hadde overlevd. Likevel, truleg ei hending som har sett sine spor.

Den avskilta pensjonisten går travle dagar i møte. Langt framme står ynskje om å bidra i arbeidet for nærmiljø, for region, for frukt og for sauer. For skule, for fjellet, for språket, for skriving, for sosialt samvær og eit aktivt tilvære.

Sjølv seier journalist-bonden at han har brukt opp fire av sine ni liv, to av dei i dramatiske hendingar i Veigdalen, ein hjartestans og ein livstruande blodinfeksjon, der Johannes vann med to sekunder.

Slik det ser ut for meg så har Johannes ingen planar om avskilting. Heller planar om å leva dei siste fem liva på ein aktiv og god måte.

Hjartestansen skjedde på Haukeland Sjukehus etter ein vellukka nyresteinoperasjon. Til alt hell var han plassert på oppvakinga og var ikkje i heisen på veg opp til avdelinga i 6. etasje, slik planen var. Då hadde det vore slutt.

Snarrådig personell og ei sjukesyster som knekka eit par ribbein, gav han livet attende. Eit par dagar seinare fekk Johannes besøk av overlegen som prøvde å forklara kva som hadde skjedd, og at dei i legeteamet hadde konkludert med at dei ville tilby han pacemaker.

Johannes var litt usikker på kva eit liv med pacemaker innebar, han tenkte mest på det gode livet på Sekse, på fjellet og ved fjorden. Difor ville han avklara eit par viktige spørsmål før han sa ja til pacemaker, difor spurde han overlækjaren:

– Om eg får pacemaker, kan eg fortsetja å gå til fjells?

 – Ja, svarte lækjaren.

– Kan eg fortsetja å ta meg ein ”liten?” ville Johannes veta.

 – Ja, var svaret.

– Då e da greitt!

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling