Kontrastar!

Sigurd Vikøren

Den vakre naturen vår er ein arv vi pliktar å ta vare på. Rundt Hardangerfjorden har vi så mange vakre perler at vi kanskje blir blenda, at vi kanskje ikkje ser at naturen vår er trua frå mange hald.

isbre

Skal vi trivast og bu rundt Hardangerfjorden så krev det at vi har fokus på alle utfordringar naturen vår møter dagleg. Nokon gonger toppar det seg og angrepa vert tydelege. I desse dagar blir vi på nytt informert om store kraftlinjer som må byggjast, slik at vi kan halda oppe velferda vår.

Men det var festivaloppleving eg skulle dela med deg.

Den optimale festivalopplevinga for meg er mykje meir enn musikk, øl og gode vener. Som du veit har vi mange vakre stader rundt Hardangerfjorden, der vi kan oppleva sterke inntrykk som verkeleg rører oss. Kontrastar i livet er viktig, det gjev oss perspektiv, i tillegg gjev kontrastar ofte sterke og kjenslevare inntrykk.

Foto: Kåre Eik

Tenk å sitja på Melderskin ein grytidleg morgon å oppleva soloppgong over Folgefonna. Det er ei oppleving som treff deg med ei voldsam kraft og verkeleg set ting i perspektiv.

Du kan gå opp kvelden før og gjennom natta kjenna på livet 1426 moh., medan du ventar på sol-oppgang. Eller du kan gå roleg opp om natta, då det er ljost mest døgeret rundt no.

Å sitja åleine, eller saman med ein god ven, på ein topp nær Hardangerfjorden når sola renn, er ei sterk oppleving.

Vandringa etterpå gjennom fantastisk natur med lyd frå rypesteggen, ravnen og fossen som fylgjesvener 
gjev deg ei kjensle av verkeleg å vera til. Saman med alle dei sterke syns-intrykka gjer dette vandringa mot fjorden til ei unik oppleving, der du mest blir religiøs. Eg tenkjer stundom på om dei generasjonane som kjem etter oss skal få oppleva dette? Har vi nok fokus på arven vi skal forvalta å levera vidare?

Det er eit privilegium å kunna oppleva alt dette heilt umistelege, men så var det desse kraftlinjene då?

Litt seinare, etter ein runde eller to med god mat og drikke, og kanskje ein dukkert i fjorden, er eg klar 
for den sosiale delen av kontrastar. Møte masse kjekke folk, gode vener, få litt godt i glaset, høyra på musikken du elskar, gjerne saman med ho du veit, då blir koze-faktoren absolutt til å leva med.

Ha ein fin festival.

Sport1 rosendal
Tysnes Sparebank
Aktiv Eiendomsmegling
Moster 1000 2024
Isebree-folgefonnanlegget-hardangerfjordmagasinet

Folgefonnanlegget!

Vinduet!
Eit sentralt element i Folgefonnanlegget – På toppen kanskje den vanskelegaste landingsplassen for helikopter i Noreg. Bak og under Bondhusbreen leita Statkraft
etter elva frå Holmavatnet i 6 år, under 180 meter is.

hattebergsfossen

VAL 2023

Hattebergvassdraget er varig verna mot kraftutbygging. Likevel vil Høgre i Kvinnherad ha meir kraftutbygging i vassdraget. Det er ikkje berre ein total mangel på respekt overfor Stortinget som har verna vassdraget, men og alle oss som har jobba for dette vernet i meir enn 40 år. I tillegg stinkar det dobbelmoral lang veg.

Hva mener du?

Vi må ha meir kraft!

I alle høve blir vi fortalt det kvar einaste dag. Lokalmiljø som har teke naturkostnaden med vasskraftutbygging blir i aukande grad informert om at nye store areal må bandleggjast for framføring av straum.